Medan Havforskingsinstituttet i mange år har hatt fleire toktseriar gåande i Barentshavet om sommaren og hausten, prøver ein i år ei meir integrert kartlegging av området. Fleire av undersøkingane har ein lang historie; 0-gruppetoktet har t.d. vore køyrt årleg sidan 1965, og loddetoktet sidan 1972. Seinare har også ein toktserie på botnfisk kome til.
Den integrerte kartlegginga i økosystemtoktet er i tråd med ein ny strategi, der vi legg meir vekt på økosystemet som heilskap. Ved å kartleggje større deler av økosystemet samstundes vil det vera lettare å sjå samanhengar og gjere målingar som kan nyttast i økosystembasert rådgjeving og forvalting. Elles vil også ei slik kartlegging innebere ei rasjonalisering, sidan ein gjer fleire observasjonar når fartøyet først er i eit område, og slepp å dekkje same området fleire gonger innanfor same sesong.

'Jan Mayen' i Adventfjorden.
Tre fartøy på to månader
Tre norske forskingsfartøy er involvert, ’G.O. Sars’, ’Johan Hjort’ og ’Jan Mayen’, og toktet er delt inn i bolkar der kvar av fartøya har sine spesialoppdrag i tillegg til det som er sams for heile toktet. Heile toktet varer i ca. to månader, frå byrjinga av august til byrjinga av oktober. Toktet er eit samarbeidstokt med PINRO i Murmansk, som dekkar opp mesteparten av den russiske økonomiske sonen.
Lodda står for tur
Det som no står att av toktet, har som viktigaste oppgåve ei akustisk loddedekning i dei sentrale beiteområda for lodde, det som er merkt JH4 på figuren. Denne dekninga startar 16. september og varer til 2. oktober. Nokre av forskarane om bord reiser direkte til Murmansk etter toktet, for å diskutere resultata med forskarar frå PINRO. Der vert det òg skrive ein rapport, som er grunnlaget for ICES si rådgjeving om loddekvotar til vinteren. Møtet i rådgjevingskomiteen til ICES er ferdig 16. oktober, så det vil ikkje gå lang tid frå toktet er gjennomført til resultatet i form av kvotetilråding av lodde ligg på bordet.
Sjå også:
Reportasjar frå blåkveitetoktet rundt Svalbard 1.-16. september
Sentrale forskingstokt ved Havforskingsinstituttet [08.03.2001]