Det tradisjonelle loddetoktet om hausten vart i år gjennomført som del av ei større undersøking av Barentshavet. Denne omfatta både 0-gruppe fisk, hydrografi, plankton, botnfisk og sjøpattedyr, i tillegg til dei akustiske undersøkingane av lodde, polartorsk og sild. Nedgangen skuldast tre faktorar:
- Vekslinga mellom svake og sterke årsklassar i bestanden. Den sterke 1999 årsklassen, som har dominert bestanden dei siste åra, er no borte, og både 2000-, 2001- og 2002-årsklassane er langt svakare.
- Den naturlege dødsraten, dvs. kor stor del av ein årsklasse som døyr av andre grunnar enn fiske, har auka sterkt. Dødsraten frå alder 1 til 2 år har til dømes meir enn dobla seg i år i høve til nivået dei føregåande 3-4 åra. Dette var uventa.
- Gjennomsnittsvekta til fleire av aldersgruppene har gått ned i høve til i fjor og tidlegare år. Eittåringane veg til dømes berre 65% av langtidsgjennomsnittet, medan dei i fjor låg over dette gjennomsnittet. Dette var også uventa.
Det er ikkje enkelt å peike på årsakene til nedgangen i veksten og auken i dødsraten. Den dårlege rekrutteringa dei siste åra, trass i dei store larvemengdene som har vore påvist, må skuldast høg dødsrate i dei tidlege livsstadia, og kan skuldast hardt beitepress frå sild. Det er likevel stor uvisse om dette, fordi vi i seinare år ikkje har gode målingar av sildemengdene i Barentshavet.
Dei vidare utsiktene for lodda er usikre, men ikkje gode. Det er ingen rike årsklassar i bestanden no. Det vart også i år observert bra mykje loddelarver i juni og på lag dobbelt så mykje loddeyngel no i haust som det langtidsgjennomsnittet viser. Samstundes tyder årets undersøkingar på at også silda kan få god rekruttering i år, og at det er mykje eitt år gamal sild i Barentshavet. Erfaringane tilseier at dette ikkje lovar godt for loddebestanden.
Resultata frå toktet vert no vidarehandsama i ACFM, som held sitt møte denne og neste veke, og rådgjevinga om forvalting av loddebestanden vert offentleggjort etter dette møtet.