Hopp til hovedteksten
ELJFBHEKCVAQZQ.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Unik klimaforsking startar opp

25.03.2003
Kva var det med klimaet som gjorde at vi fekk istid for fleire tusen år sidan? Kan klimaet endre seg slik at dette skjer igjen? Om få veker startar eit unikt samarbeid mellom ulike forskargrupper som kan gje oss svar på slike spørsmål.


Tekst: Monika von Minden
Foto: Tor Gammelsrød

 

- 'Så langt har vi berre forska på klimaet ca. 150 år bakover i tid. Det skuldast at tradisjonell klimaforsking kun har omfatta oseanografi og meteorologi, altså havet og atmosfæren, med observasjonar frå siste del av 1800-talet og fram til i dag', forklarar Svein Sundby, som er forskar ved Havforskingsinstituttet (HI).

No skal vi kople dette med paleoklimaforskarane sitt arbeid. Dei studerer tidlegare tiders klima ved hjelp av geologiske prøver. Ved å undersøkje djupare lag av isbrear og avleiringar i havet, kan dei finne ut kor raske klimaendringar vi har hatt tidlegare. Dette samarbeidet gjer at klimaforskinga dermed kan gå mange tusen år bakover i tid. Kunnskap om fortidas klima gjer det mogleg å seie noko om framtidas klima, og kopla hav-is-atmosfæremodeller blir eit viktig verktøy for å utarbeide slike prognoser

Senter for framifrå forsking
Den nye gruppa med forskarar frå HI, Universitetet i Bergen og Nansen-senteret, kallar seg Bjerknes senter for klimaforsking. Gruppa er så unik at dei har fått status som Senter for framifrå forsking. Det skjedde gjennom ei ny, nasjonal storsatsing der Noregs forskingsråd fekk inn 130 søknader om oppretting av slike senter. I fjor vart 13 av dei plukka ut, eitt av dei er altså Bjerknessenteret. Dei skal få 18 millionar kroner årleg i ti år for å jobbe med klimaforsking.

- 'Målet med senteret er å studere kva slags naturlege endringar vi har gjennomgått før, og finne ut kva regionale effektar vi får av den globale oppvarminga av jorda vi ser no som følgje av drivhuseffekten', fortel Sundby, som skal leie ei av fem forskargrupper i senteret.

small_ELJFBHEKCVAQZQ.jpg

Breie HI-glis framfor Geofysen i tidleg vårsol for klimaforskingssamarbeidet i Bergen. Biletet viser halvparten av våre Bjerknes-forskarar, frå venstre: Johan Blindheim, Frode Vikebø, Henrik Søiland, Harald Loeng, Jan Erik Stiansen, Randi Ingvaldsen, Kjell Arne Mork, Svein Sundby og Einar Svendsen (med ein mogleg klimaforskarrekrutt?). Bjørn Ådlandsvik, Paul Budgell, Morten Skogen, Francisco Rey, Trygve Gytre, Geir Ottersen, Jan Aure og Lars Asplin var ikkje til stades.

Samlast i nye lokale
Sundby si gruppe skal studere havklimaprosessar, og består blant anna av 16 forskarar frå HI. 12 av desse vil jobbe deltid på Bjerknessenteret, som i alt skal huse 45 forskarar. Akkurat no er det hektisk innspurt for å få ferdig kontora dei skal inn i på Geofysisk institutt i Bergen.

- 'Vi gler oss veldig til å bli fysisk samla, målet er jo å jobbe på tvers av gruppene og få til eit tettare samarbeid!' smiler Sundby, som presiserer at senteret ikkje skal utarme moderinstitusjonane, men tilføre dei noko. På HI kan det også utløyse 3 nye forskarstillingar.

Du kan lese meir om Bjerknessenteret på heimesida deira: www.bjerknes.uib.no