Av
Monika von Minden
Tre av elevane laga vinnarplakaten i den landsdekkjande konkurransen Havforskingsinstituttet hadde før jul, der oppgåva var å lage ein plakat om livet i havet. Ein jury i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i Danmark utropte elevane frå Mortensnes skole i Tromsø til vinnarar. No får dei ta med seg klassekameratane og vere forskarar for ein dag.
- ”Denne veg! No må de følgje med!” befalar kaptein Drange igjen, det er tid for ein kjapp gjennomgang av tryggleiken om bord før vi legg frå kai. Elevane er ikkje vanskelege å be, og følgjer ivrig med på dekk i det fine veret.
På skattejakt i Balsfjord
Det er mykje å gjere seg kjent med om bord i eit forskingsfartøy, alt frå laboratorie til akustisk senter og styrehus. Elevane får full omvising i grupper medan vi seglar mot Balsfjord. Når turen kjem til laboratoriet og dissekering av fisk, let ikkje reaksjonane vente på seg…
![]() Dissekering. TV Tromsø var med på turen. |
- ”Æsj! Noko så ekkelt!” ”Få sjå, kult!” Leiande forskingsteknikar Tor Ivar Halland viser korleis vi finn alderen på fisken ved å skjære ut otolittane, eller øyresteinane, frå hjernen. Otolitten dannar årringar som vi kan telje, akkurat som med trestammar. Halland viser også fram mange rare skapningar som er fiska opp frå djupet.
Så er vi framme i Balsfjord, og bunntrålet startar. Etter ein halvtime er resultatet klart: eit kar fullt av havets mange skattar! Elevane flokkar seg rundt: ”Kva er dette? Æsj, den spreller!” Med eit kvin blir fisken sleppt ned i karet igjen. Noko blir tatt med til laboratoriet, medan sjøstjerner, flyndrer og sjøpølser får ein sjanse til i fjorden.
Russisk u-båt på ekkoloddet
Gruppa som rederisjef Per Nieuwejaar viste rundt, fekk seg ei overrasking i det akustiske senteret om bord. I senteret finst det både ekkolodd og sonar, som sender ut strålar under og framfor båten. Men det er ikkje berre fisk som blir oppdaga slik…
- ”Då ein russisk u-båt havarerte nordafor, vart vi sende oppover for å undersøke om miljøet i havet var blitt skada. Russarane ville ikkje seie kvar u-båten låg, så vi leitte rundt på måfå i det svære havet. Plutseleg tikka ei gjenkjenneleg form inn på skjermen; ekkoloddet hadde funne u-båten!” forklarar Arvid Romslo smilande. No heng biletet på veggen.
Rebus engasjerte
Kokken om bord fekk ei høg stjerne då lunsjen vart servert i messa. - ”Eg trudde vi skulle få fisk!” ”Det trudde eg også!” Smilande forsynte elevane seg frå spesialmenyen for høvet; saftige hamburgarar, pommes frites og salat. Bollar og brus seinare på dagen vart heller ikkje takka nei til… så var det tid for litt hjernetrim!
