Hopp til hovedteksten
4.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Ny rekordproduksjon i Parisvatnet

04.12.2003:
Parisvatnet har oppnådd det beste resultatet sidan produksjonen tok til i 1986. Når siste last med torskeyngel frå årets sesong er levert, tel produksjonen bortimot 400.000 yngel. Også i år har storparten av produksjonen vorte seld til kommersielle torskeoppdrettarar.

For få år sidan var Parisvatnet den einaste yngelleverandøren i Noreg - og verda, medan det dei siste åra har vorte investert fleire hundre millionar kroner i oppbygging av intensive kommersielle yngelanlegg. Dette har ført til at det i år vert produsert om lag 3.mill. yngel i Noreg. Det viser seg at mange av dei nye anlegga har måtta slita med fleire barnesjukdommar, som f.eks. feilutvikling av yngelen. Ved den semi-naturlege produksjonen i Parisvatnet har vi ikkje hatt slike problem. Det har derfor vore svært stor etterspurnad etter vår yngel, dette til tross for at de blir produsert store mengder yngel intensiv.

Vi får óg tilbakemeldingar frå kundane våre at vi leverer ein fisk av høg kvalitet, noko vi også får betalt ekstra for i form av ein yngelpris som ligg kr 3-4 kr høgare enn det ein får for intensiv produsert  fisk.

I tillegg til yngelproduksjonen har vi i 2003 køyrt eit prosjekt i Parisvatnet der gyting av 40 par frå tre ”stammer” av torsk langs Norskekysten har vorte samanlikna. Vekst og overleving til avkomet har så vorte testa ut i intensive system, og der familieopphav til kvart individ skal klargjerast ved hjelp av DNA-fingerprinting. Knut Jørstad er prosjekt leier for dette prosjektet.

 

Sjå også:
Rekordproduksjon av torskeyngel frå Parisvatnet [25.11.02]
 

Kontaktpersoner

Jan Per Pedersen
908 43 428