Tekst: Monika von Minden
Foto: Harald Gjøsæter
Delegasjonen frå Havforskingsinstituttet (HI) bestod av forskarar frå Senter for marine ressursar, Senter for marint miljø og Senter for havbruk, samt den nye avdelinga vår i Tromsø. Dei mest røynde har vore med på desse årlege møta med Havforskingsinstituttet i Murmansk (PINRO) i over tjue år.
![]() Forskningsdirektør Åsmund Bjordal i skiorientering |
- ”Det spesielle med russarane er at personkontakten er så viktig, dei må bli kjende med oss før vi kan diskutere fag. Denne gangen vart vi svært overraska over den sosiale utfordringa!” smiler seksjonsleiar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet. Har du nokon gong høyrt om skiorientering?
Desorienterte nordmenn
Dei russiske havforskarane imponerte med sitt arrangement i skiløypa. Og ikkje minst med sine resultat! Den norske innsatsen skal vi derimot ikkje snakke for høgt om… Som plaster på såret fekk alle spesiallaga medaljar, diplom og bilet-CD frå det vellykka arrangementet.
- ”Vi er også godt nøgde med det faglege utbyttet av turen. Vi gjekk gjennom resultata av fellesprosjekta våre i Barentshavet i fjor, og planla felles undersøkingar i år. Tilstanden til dei pelagiske fiskeslaga lagar vi felles rapport med russarane på umiddelbart etter fellestoktet, så det brukte vi ikkje tid på no. Slik blir det ikkje gjort med botnfisk, der kjem vi fram til ein stor, felles protokoll om tilstanden, som blir offisielt underskriven under møtet,” forklarar Gjøsæter.
Usemje om kongekrabbe
Eit heitt tema dei siste åra har vore kongekrabbe. Medan russarane ser på krabben utelukkande som ein ressurs, er Noreg meir delt i synet. Diskusjonane går høgt mellom Fiskeridepartementet, miljøvernorganisasjonane og næringa.
![]() Harald Gjøsæter med diplom og medalje for god innsats. |
- ”Vi står midt imellom desse. Vi ser jo at dette er ein enorm, økonomisk ressurs, fiskarane i Aust-Finnmark tener meir på kongekrabben enn andre artar. Minuset er at den krabbar stadig lenger vest, vi veit ikkje kva det vil innebere å introdusere ein ny art som ikkje høyrer heime her. Derfor har Havforskingsinstituttet no starta eit nytt forskingsprosjekt på kongekrabben sin verknad på økosystemet,” fortel Gjøsæter.
UD-midlar til russisk bibliotek
I fleire år har Havforskingsinstituttet fått midlar frå Utanriksdepartementet til fremje av Nordvest-Russland. Pengane har gått til å styrke PINRO, no sist med elektroniske tidsskrift. Det har tradisjonelt vore vanskeleg for forskarane der å få tilgang til vitskapleg litteratur.
- ”No har vi kjøpt elektronisk tilgang til tre viktige tidsskrift til PINRO, og Brit Skotheim frå biblioteket vårt prøvde å få systemet opp og gå. No kan dei også søkje i våre BIBSYS-databasar, samtidig som russiske rapportar skal bli lettare tilgjengelege for oss. Vi har også inngått ein gjensidig avtale om boklån,” seier Gjøsæter. Han har allereie begynt å tenke på neste års møte med PINRO, som skal haldast i Kirkenes. Kva sosiale sprell skal dei finne på for å matche russarane?
- ”Vi hadde mange ville idear på flyet heim frå Murmansk, og kom inn på skiskyting. Men eg veit ikkje… Vi skal jo overleve også!”


