Forskar Harald Gjøsæter frå Havforskingsinstituttet har leia undersøkingane. Han seier grunnen til nedgangen i bestanden er at både den rekrutterande 2001-årsklassen og 2000-årsklassen er langt mindre talrike enn den rike 1999-årsklassen. Middelvekta er elles lågare i år enn i fjor for alle aldersgruppene med unntak av eittåringane.
Det er framleis ein del stor fisk att i bestanden. Mest alle tre- og fireåringane vil modnast og gyte til vinteren, og den modnande fisken har ei middelvekt på om lag tjue gram. Dette er langt over gjennomsnittleg vekt i den modnande bestanden.
Utbreiinga i år liknar mykje på den i 2001, og strekkjer seg langt mot nord. Mesteparten av den modnande delen av bestanden stod i områda aust og nordaust av Hopen, medan eittåringane som vanleg stod meir spreidde over heile havet. Temperaturen var vesentleg høgare i sørlege og sentrale delar av Barentshavet i år enn det som er normalt, medan temperaturen i nordlege område var litt lågare.
Det er grunn til uro når det gjeld den vidare utviklinga i bestanden. 2001-årsklassen utgjer som eittåringar berre ein tredel av ein middels årsklasse. 2000-årsklassen er noko over halvparten så talrik som gjennomsnittet for dei siste 30 åra. Resten av den relativt rike 1999-årsklassen vil venteleg gyte og døy komande vinter. Det er difor grunn til å vente ein ytterlegare nedgang både i totalbestanden og den modnande bestanden. 2002-årsklassen av sild synest å vere meir talrik i Barentshavet enn dei tre føregåande. Dette kan hemme lodderekrutteringa dei komande to-tre åra.
Desse resultata vil danne grunnlaget for det vidare arbeidet fram mot rådgjevingskomiteen for fiskeriforvalting i det internasjonale havforskingsrådet (ACFM) sitt møte som startar denne veka. Ein vil rekne på kva dødsratar ein kan vente seg gjennom vinteren, og kor stor del av den lodda som no er modnande som vil overleve fram til gytinga. I dette reknestykket inngår storleiken og alderssamansetjinga av torskebestanden. Basert på desse vurderingane vil ACFM gje råd om fiske til vinteren.
Det vart funne mykje polartorsk i år, 1,4 millionar tonn. Dette er ein liten nedgang på ca 0,4 millionar tonn frå 2001. Noko av denne nedgangen skuldast truleg at områda vest av Svalbard, der det vart funne ein god del polartorsk i fjor, ikkje vart dekka i år.
Kontaktpersonar:
Forskar Harald Gjøsæter, 55 23 84 17 / 41 47 91 77
Forskingsdirektør Åsmund Bjordal, 55 23 86 90 / 90 69 67 01
Informasjonsrådgjevar Monika von Minden, 55 23 85 16
