Hopp til hovedteksten
DJMVPQQJMZPULN.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Vinnarar av plakatkonkurransen

01.11.2002
Tre elevar ved Mortensnes skole i Tromsø stakk av med sigeren i vår store plakatkonkurranse om livet i havet. Vi gratulerer! Som hovudpremie får dei ta med seg klassane sine, klasse 7a og 7b, på heildagstur med eit av våre forskingsfartøy. Vi har også kåra lokale vinnarar ved dei fem akvaria vi samarbeidde med i konkurransen.

Dei tre som vann hovudpremien er: Eirik Jonassen Fjelde (7b), Mats Reinholdtsen (7a) og Tor Even Kjelstrup Tøllefsen (7a) ved Mortensnes skole. Til våren får dei altså vere havforskarar for ein dag om bord på eit av våre forskingsfartøy, saman med klassane sine.

Plakatkonkurransen var eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i Danmark. Vi samarbeidde også med fem akvarium her i landet; Akvariet i Bergen, Atlanterhavsparken i Ålesund, Polaria i Tromsø, Risør akvarium og Drøbak akvarium. Elevar i 7., 8., 9. og 10. klasse vart inviterte til å delta, og oppgåva gjekk ut på å lage ein plakat om livet i havet. Idear og inspirasjon kunne dei hente frå sitt næraste akvarium. Og responsen var god, vi fekk inn mange flotte, fargerike plakatar!

Ein fagjury i Danmark har sett på alle dei innsendte forslaga og kåra vinnarplakaten. Dei har også kåra ein lokal vinnar for kvart av akvaria, desse skal få premie frå ”sitt” akvarium. I tillegg fekk fem plakatar heiderleg omtale av juryen. Plakatane skal no sendast tilbake til Noreg og stillast ut ved dei respektive akvaria. Ved Risør akvarium var det dessverre ingen deltakarar.

Lokale vinnarar:
· Akvariet i Bergen:
Tonje Skaga, Thomas Andersen, Kim André Hetland, Camilla Sæle og Morten André Nygård, 7. klasse ved Skogsvåg skule, Skogsvåg.
· Atlanterhavsparken i Ålesund:
Yvonne Flo Myskja og Maria Dale Pedersen, klasse 7b ved Larsgården skole, Ålesund.
· Polaria i Tromsø:
Kristin Jacobsen, klasse 7b ved Bjerkaker skole, Tromsø.
· Drøbak akvarium:
Julie Berge, Camilla N. Sagen og Merete Dahl, 7. klasse ved Drøbak skole, Drøbak.

Heiderleg omtale:
· 7. klasse ved Grimstad barneskole, Ellingsøy.
· Ingelin Schrøder, klasse 10c2 ved Slåtthaug ungdomsskole, Nesttun.
· Anita Kristine Olsen, klasse 9f ved Kvaløysletta ungdomsskole, Kvaløysletta
· Klasse 9c ved Ortun skole, Fyllingsdalen
· Lena Engvik, 8. klasse ved Skogvik skole, Rebbenes.