Hopp til hovedteksten
gliping.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Rekordproduksjon av torskeyngel frå Parisvatnet

25.11.2002
Det har i år vorte produsert om lag 380 000 torskeyngel, vårt beste resultat nokosinne. Sjølv om det i dag er ei kraftig satsing på intensive produksjonsformer for yngel, ligg framleis ”pollmetoden” langt framme når det gjeld produsert kvantum.

Parisvatnet er Havforskingsinstituttet sin produksjonspoll for torskeyngel, og har vore samanhengande i drift sidan 1988. Den rekordstore produksjonen kjem av gode planktontilhøve og høg sjøtemperatur. Ein anna viktig faktor er at me starta tidleg med fôrtilvenning, slik at fisken gjekk tidleg over på tørrfôr. Auka filtreringskapasitet for plankton har og verka positivt.

merd_flate.jpg

Flåte med merder

 

Parisvatnet vart opprinneleg bygd ut for å produsere torskeyngel i samband med utsettingsforsøk (havbeite), men har også vore ein viktig faktor i oppskaleringa av kommersielt torskeoppdrett. Dei siste åra har etterspurnaden etter torskeyngel frå oppdrettarar eksplodert, grunna stor tru på torskeoppdrett som næring. I år har me bestillingar på ein million yngel. Det vert brukt omlag to årsverk på produksjonen.

karannlegg.jpg

Karanlegg

 

I Parisvatnet vert yngelen produsert ekstensivt. Kring 20. mars vert den ein dag gamle torskelarven sett direkte ut i pollen. Maten dei første 45 dagane er plankton som finst naturleg i pollen. I tillegg vert det tilført plankton (rauåte) som ein tek ut frå to store filter på utsida av pollen. Etter dette vert larvane i pollen gradvis tilvent tørrfôr fram til dei vert tekne opp som yngel frå siste halvdel av mai. Dei er då ca. fem cm lange. Dei vert sortert og vaksinert mot vibriose før dei vert sett ut for vidare vekst i merdanlegg på utsida av pollen. I oktober vert yngelen levert til oppdrettar. Torsken er då 80-100 gram.

torsk.jpg

Driftsleder Jan Pedersen med torsk frå Parisvatnet

 

Til neste år reknar vi med å koma i gong med eit større prosjekt, der Parisvatnet skal brukast til å produsere yngel frå fleire stammar av torsk samstundes. Eigenskapar som vekst, kjønnsmodning o.l. til dei ulike stammane kan deretter verte samanlikna. Vi har tilgjengeleg stamfisk frå ulike delar av norskekysten, og har elles god erfaring med slike forsøk, m.a. gjennom eit EU-prosjekt som no er inne i sluttfasen. I det prosjektet vart avkommet frå fleire familiar av skrei samanlikna, og moderne DNA fingerprinting-metodar vart brukt i identifiseringa av foreldra til dei einskilde individa. Parisvatnet er elles med i Bergen Marine Food Chain Research Infrastructure (EU’s Large Scale Facility), og har hatt fleire gjesteforskarar på besøk.

 

Kontaktpersonar:

Driftsleiar Jan Pedersen, 56382920
Seksjonsleiar Håkon Otterå, 55236898