Hopp til hovedteksten
AOHUZXIXXKTSSW.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Mindre sei enn i fjor

27.11.2002
Det årlege seitoktet nord for 62 grader N vart gjennomført 11. oktober - 7. november 2002 med FF Johan Hjort. Toktet starta i Kirkenes og slutta ved Stad og dekka dei viktigaste seibankane langs kysten.

Toktresultata stadfestar inntrykket av at utnyttingsgraden av 3-5 år gamal sei er aukande. Det var ein sterk reduksjon av 1998-årsklassen (4-åringer) av sei frå i fjor, særleg i nordlege område. For 5 år gamal og eldre fisk har nedgangen som er blitt observert dei siste åra halde fram, men eldre og kjønnsmoden fisk blir ikkje fullt ut dekka av toktet.

~ les toktrapporten