Hopp til hovedteksten
small_YZFTZHGOVTPGUA.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Lønne skal leie Havforskingsinstituttet i Tromsø

06.11.2002
Ole Jørgen Lønne frå Sandefjord er tilsett som forskingssjef og leiar for Havforskingsinstituttet si nye avdeling i Tromsø. Han er 48 år gamal, er gift og har tre barn, og tek til i stillinga tidleg på nyåret 2003.

Lønne er utdanna cand.real. i marinbiologi frå Universitetet i Oslo (1984) og dr.scient. frå Universitetet i Tromsø (1992). Han har vore førsteamanuensis ved Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) i Longyearbyen sidan 1997. Før det var han seksjonsleiar/forskingskoordinator ved Akvaplan-niva, Polarmiljøsenteret i Tromsø, frå 1995 til 1997. Frå 1986 til 1995 arbeidde han som forskar ved Universitetet i Tromsø. Lønne har også erfaring i å rettleie hovudfags- og doktorgradsstudentar.