Hopp til hovedteksten
PXLSGHTEWITIIV.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Kor stor evne har lodda til å reflektere lydstrålen frå ekkolodd, og korleis reagerer lodda på støy frå eit forskingsfartøy?

22.03.2002
Dette er nokre av spørsmåla som eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet og Norges Fiskerihøgskole i Tromsø vonleg vil gje svar på.

Tittelen på prosjektet, som er leia av professor Kjell Kr. Olsen ved Norges Fiskerihøgskole, Universitetet i Tromsø, er Improved Accuracy of Acoustic Abundance Estimates of the Capelin Stock. Det er tilsett ein doktorgradsstipendiat på prosjektet, Roar Jørgensen, og med i prosjektet er også til saman fem medarbeidarar frå Havforskingsinstituttet og Fiskerihøgskolen. Målet med prosjektet er å forbetre den akustiske mengdeestimeringsmetoden for lodde.

Det er særleg to sider av denne metoden ein konsentrerer seg om, nemleg målstyrken til lodda og om fisken vik unna fartøyet . Målstyrkemålingane føregår dels i merdar på Havbruksstasjonen i Tromsø der lodde fanga inn frå Barentshavet sym rundt og vert målt over lang tid i ein ekkoloddstråle, dels på Havforskingsinstituttet sine loddetokt, der målstyrkemålingar vert gjort ved å senke ein ekkoloddsvingar ned til dei djupnene lodda står. Målingane av eventuell påverknad frå fartøyet på lodde i ulik djupn føregår også på loddetokta, der ein akustisk bøye utvikla ved Havforskingsinstituttet vert lagt ut over ein uforstyrra loddekonsentrasjon (sjå bilete). Ekkoloddet i denne bøya gjer kontinuerlege opptak av lodda under bøya medan fartøyet nærmar seg og til slutt passerer tett forbi bøya. Ved å analysere data frå ekkoloddet i bøya kan ein finne ut om lodde på ulik djupne reagerer med å symje nedover eller til sides når forskingsfartøyet nærmar seg.

Det er enno for tidleg å dra sikre konklusjonar i prosjektet. Når det gjeld målstyrke ligg målingane gjort i merd forholdsvis nært målstyrken som til no er blitt brukt under haustloddetoktet. Ein del resultat frå desse studiane vart presenterte på eit symposium i 2001 og er under publisering. For å kunne vurdere godleiken av målstyrken bruka på tokt må ein også undersøkje om og eventuelt korleis målstyrken endrar seg med djupet fisken står i. Slike målingar står for tur på loddetoktet komande haust.

Ei førebels analyse gjorde av målingar hausten 2001 tyder på at ekko frå lodda ikkje vart særleg mykje påverka av støyen frå forskingsfartøyet 'Johan Hjort'. Eit arbeid om dette vil verta presentert på konferansen Acoustics in Fisheries and Aquatic Ecology i Montpellier i juni i år. Nye målingar ved hjelp av den akustiske bøya vil verta gjort på eit av Havforskingsinstituttet sine tokt våren 2002.

Kontaktpersoner

Egil Ona
909 98 087