Hopp til hovedteksten
DLITGGHYCOKPRO.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Erlend Moksness tilsett som forskingsdirektør ved Senter for kystsone

14.06.2002
Havforskingsinstituttet sitt nyoppretta Senter for kystsone har fått sin første forskingsdirektør. Med verknad frå 1. juli 2002 går stillinga til Erlend Moksness, som i ei årrekkje har vore forskingssjef ved Forskingsstasjonen Flødevigen. Erlend Moksness er utdanna cand.real. ved Universitetet i Bergen (1978), og vart dr.philos. i 1992.

Senter for kystsone vart oppretta ved årsskiftet, og skal drive forsking, overvaking og rådgjeving knytt til kystsona. Målet er å gje kunnskapsgrunnlag og forvaltingsråd for ein balansert og framtidsretta bruk og vern av kystsona. Forskinga skal blant anna:

- kartleggje økosystem, naturtypar og ressursar i kystsona
- samle kunnskap som allereie finst og gjere den tilgjengeleg for brukarar av kystsona
- auke innsikta i viktige biologiske- og miljømessige prosessar som føregår i kystsona
- vurdere og gje råd for ei bærekraftig utnytting og vern av kystsona
- bidra til ei overvaking av kystsona som oppfyller dei krav som EU sitt vassrammedirektiv byggjer på.

 

Kontaktpersonar

Forskingsdirektør Erlend Moksness, Havforskingsinstituttet, tlf. 37 05 90 41
Informasjonssjef Jo Høyer, Havforskingsinstituttet, tlf. 55 23 85 21
Informasjonsrådgjevar Monika von Minden, tlf. 55 23 85 16