Hopp til hovedteksten
WASIIQZPDTOMQS.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Rekordproduksjon av torskeyngel frå Parisvatnet

10.07.2002
Produksjonen i Parisvatnet ser i år ut til å verta 350 000–400 000 torskeyngel, truleg ny verdsrekord. Den gamle rekorden vår frå 1991 var på 320 000 torskeyngel. Sjølv om det i dag er ein kraftig satsing på intensive produksjonsformer for yngel ligg framleis ”pollmetoden” i leiinga når det gjeld produsert kvantum.

Parisvatnet er Havforskningsinstituttet sin produksjonspoll for torskeyngel, og har vore samanhangande i drift sidan 1988. Den rekordstore produksjonen kjem av gode planktontilhøve og høg sjøtemperatur. Ein anna viktig faktor er at me starta tidleg med fôrtilvenning, slik at fisken gjekk tidleg over på tørrfôr.

Parisvatnet vart oppminneleg bygd ut for å produsere torskeyngel i samband med utsettingsforsøk (havbeite), men har også vore ein viktig faktor i oppskaleringa av kommersielt torskeoppdrett. Dei siste åra har etterspurnaden etter torskeyngel frå oppdrettarar eksplodert, grunna stor tru på torskeoppdrett som næring. I år har me bestillingar på ein million yngel. Storparten av produksjonen vert selt til oppdrettarar. Prisen er 13 kroner pr. stk., det same som i fjor. Det vert brukt to årsverk på produksjonen.

stqamfisktorsk_li.jpg

Parisvatnet vert yngelen produsert ekstensivt. Kring 20. mars vert den ein dag gamle torskelarven sett direkte ut i pollen. Maten dei første 45 dagane er plankton som finst naturleg i pollen. I tillegg vert det tilført plankton (rauåte) som ein tek ut frå to store filter på utsida av pollen. Etter dette vert larvane i pollen gradvis tilvent tørrfor fram til dei vert tekne opp som yngel frå siste halvdel av mai. Dei er då ca fem cm lange. Dei vert sortert og vaksinert mot vibriose før dei vert sett ut for vidare vekst i merdanlegg på utsida av pollen. I oktober vert yngelen levert til oppdrettar. Torsken er då 80-100 gram.

Til neste år reknar vi med å koma i gong med eit større prosjekt, der Parisvatnet skal brukast til å produsere yngel frå fleire stammer av torsk samstundes. Eigenskapar som vekst, kjønnsmodning o.l. til dei ulike stammene kan deretter verte samanlikna. Vi har tilgjengeleg stamfisk frå ulike delar av Norskekysten, og har elles god erfaring med slike forsøk, m.a. gjennom eit EU-prosjekt som no er inne i sluttfasen. I det prosjektet vart avkommet frå fleire familiar av skrei samanlikna, og moderne DNA-fingerprinting metodar vart brukt i identifiseringa av foreldra til dei einskilde individa.

Kontaktpersonar:

Driftsleiar Jan Pedersen Tlf; 56 38 29 20
Seksjonsleiar Håkon Otterå Tlf; 55 23 68 98