Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Framleis bra med sei i nord

04.01.2002
Det årlege seitoktet nord for 62 grader nord vart gjennomført 14. oktober - 10. november 2001 med FF Johan Hjort.
Resultata viser at nedgongen som vart observert i 1999 og 2000 av mengda eldre og kjønnsmoden sei, no ser ut til å ha stoppa p.g.a. den gode 1996-årsklassen (5-åringar). Det vart også funne mykje 2- og særleg 3-åringar, noko som lovar bra for rekruttering til fiskbar bestand og gytebestand. Men resultata tyder og på at utnyttingsgraden av 3-5 år gamal sei er aukande.


Toktet starta i Kirkenes og slutta ved Stad og dekka dei viktigaste seibankane langs kysten. Det var lagt opp til ei meir systematisk dekking enn tidlegare, med tettaste kursnett der det dei siste åra er registrert mest sei.

~ les toktrapporten

Fakta om sei

Latinsk namn: Pollachius virens 
Andre norske namn: Kod, seikod,mort, palemort, grønspor, pale
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 20 kg og 130 cm
Levetid: Opptil 30 år
Leveområde: Langs norskekysten frå
Stad til Kolahalvøya
Hovudgyteområde: På kystbankane frå Lofoten til Nordsjøen
Gytetidspunkt: Om vinteren med topp i februar
Føde: Raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel
Predatorar: Sel og kval
Særtrekk: Opptrer i tette konsentrasjonar, står ofte pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra

Nordøstarktisk sei