Hopp til hovedteksten
YKEEPZVEWERCXN.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Uvanleg låg overleving hos sjøaure i Hardangerfjorden

02.12.2002
Hos fisk som vandrar frå ferskvatn ut i det marine miljøet, som laks og sjøaure, kan det vera vanskeleg å vita om små gytebestandar er eit resultat av dødelighet i det eine eller andre miljøet. Ved Havforskingsinstituttet sin fisketeljar i Guddalselva i midtre Hardangerfjorden (bilete) blir all utvandrande og oppvandrande fisk talt, noko som gir presise data på sjøoverlevinga hos spesifikke smoltårsklassar.

Høg dødelighet

For 2001 smoltårsklassen av sjøaure var tilbakevendinga etter første sjøopphald mindre enn 1%. For første og andre sjøopphald samanlagt var tilbakevendinga mindre enn 5%. Samanlikna med andre undersøkingar av sjøoverleving hos sjøaure gjennomført tidligere, er overlevinga i midtre Hardangerfjorden svært låg. Samstundes har det vore ein kraftig oppsving i lakse- og sjøaurebestandane langs det meste av kysten dei siste tre åra. Dette indikerer uvanleg høg dødelighet i Hardangerfjorden. Det er sansynleg at lakselusinfeksjonar har ein avgjerande innverknad på bestandane

Det er ei alminneleg oppfatning at bestandane av laks og sjøaure i Hardangerfjorden er kritisk låge, og at dei er nede medan bestandane langs store deler av kysten har blomstra i tre år no..

Kvifor det er sansynleg at dette handlar om lakselus?

I 2001 hadde all tilbakevendande sjøaure i Guddalselva store skadar på ryggfinnen, dels blødande sår. Dette er heilt ulikt garnskadesår. Registreringar av lakselus i Hardangerfjorden, utført av andre, viste høge tal i 2001. I år har andelen aure med ryggfinnedefektar våre lågare, noko som og stemmer med registrering av lus utført av andre. I tillegg har ein samanlikna egne tal av gjenfangst etter 1. og 2. sjøopphald med andre undersøkingar i Noreg og Irland.

Det er også andre faktorar som tek livet av sjøaure og laks i marin fase, men når det gjeld å forklara 'samanbrotet' i bestandane her, har vi ikkje forklaringar som er meir sansynlege enn lakselus. Hardangerfjorden er eit tungt oppdrettsområde, og vi veit at luseproduksjonen er stor her, sjølv om overvakinga på villfisk er begrensa.

Sidan det er sterke restriksjonar på fisket i området i både elv og sjø, representerer Havforskingsinstituttet si registrering i Guddalselva ei viktig overvaking av bestandssituasjonen for sjøaure i regionen.

Kontaktpersoner:

Forskar Øystein Skaala, tlf.: 55 23 68 97
Forskningsdirektør Ole J. Torrissen, tlf.: 55 23 63 71
Informasjonssjef Jo Høyer, tlf.: 55 23 85 21