Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Kan vi dyrke fjordane våre?

07.08.2002
Kan vi auke produksjonen i fjordane våre ved å skape ei kunstig oppstrøyming av næringssalt frå djupare vasslag? Inst i Lysefjorden i Rogaland skal dette no testast ut.

Her vil det bli etablert eit ferskvassdrive blandingssystem for å få det næringssaltrike vatnet opp, for dermed å få ein mykje større og meir stabil algeproduksjon i dei øvre vasslaga. Lukkast vi med dette forsøket, kan det skape grunnlag for m.a. dyrking av skjel i elles næringsfattige norske fjordar.

~ les mer i HI-nytt nr 7 2002