Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Samarbeid mellom HI og PINRO om akustisk metodikk

12.09.2001
28-30 august 2001 hadde Havforskingsinstituttet vitjing av fire akustiske ekspertar frå samarbeidsinstituttet PINRO i Murmansk. Dei var her i samband med seminaret 'Workshop on acoustic methodology'. På dagsordenen sto toktmetodikk, etterprosessering av akustiske data og ulike akustiske eksperiment.

Standarisert surveymetodikk viktig

Seminaret starta med utveksling av informasjon om surveymetodikk mellom deltakarar frå HI, PINRO og Fiskeriforskning. Det vart lagt fram manualar for gjennomføring av ulike tokt og diskutert korleis metodikken kan standardiserast. Det vart semje om at særleg der PINRO har samabeidstokt med eit av dei norske institutta er det viktig at metodikken er godt beskriven og standardisert så langt råd er.

Semje om kriterier for målstyrkemålingar

Havforskingsinstituttet og PINRO presenterte verktøya dei brukar for etterprosessering av akustiske data og mendeestimering basert på slike data. Mykje tid gjekk òg med til å diskutere målstyrkemålingar, eit område der både HI og PINRO har stor innsats. Det var semje om at målstyrkemålingar må gjennomførast etter gjevne kriterier for å sikre kvaliteten best mogeleg. Ein bør heller ikkje ta i bruk nye resultat i undersøkingar som baserer seg på lange tidsseriar før ein er overtydd om at dei nye målstyrkedata er betre enn dei gamle. Ein må også vera førebudd på å rekne om heile tidsserien dersom ein vil ta i bruk endra målstyrke for ein art.

Seminaret vart avslutta ved at dei russiske gjestene fekk vera med til Austevoll havbruksstasjon og sjå på eksperimentoppsettet for målstyrkemålingar der.

Det var forskar Asgeir Aglen frå Havforskingsinstituttet som leia seminaret og som saman med forskar Egil Ona frå akustikkgruppa var vertskap for dei russiske ekspertane.

Kontaktpersonar:

Asgeir Aglen: 55 23 86 80
Egil Ona: 55 23 84 55