Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Begrepet fiskedødelighet i forsking og forvalting

05.09.2001
 

Fiskedødelighet er eit sentralt begrep for alle som arbeider med bestandsvurderingar og forvalting av fiskebestandar. Likevel oppstår det frå tid til annan ei viss forvirring rundt begrepet fiskedødelighet, ofte fordi forskarar og forvaltarar brukar det i litt ulik meining.

Totaldødelighet

Forskarane bereknar totaldødelighet på årsklassar. Totaldødeligheten vert berekna ut frå ein klart definert matematisk formel der dødeligheten for ein årsklasse i eit år er bestemt ut frå antalet ved starten av året (1/1 i det året) og antalet ved starten (1/1) i det påfølgjande året.

Totaldødeligheten er all dødelighet som fisken vert utsett for, og er eit mål på kor mange fiskar som forsvinn frå årsklassen i løpet av året. Totaldødeligheten kan grovt sett delast i to: Menneskeskapt dødelighet pga. fiske og dødelighet av naturlege grunnar som predasjon, sjukdom og liknande. Den menneskeskapte dødeligheten pga. fiske kallar vi fiskedødelighet, den andre vert kalla naturleg dødelighet. Totaldødeligheten er summen av dei to. I rapportane frå arbeidsgruppene som bereknar storleiken på fiskebestandane er fiskedødelighetene lista årsklasse for årsklasse, alder for alder. Naturleg dødelighet er også gjeven. Antal fisk, årsklasse for årsklasse, er lista langt tilbake i tid, slik at dei som måtte ynskja det, kan gå inn og etterprøva berekningane av fiskedødelighetene.

Fiskedødelighet i forvaltinga

Forvirringa oppstår ofte når forvalting og næring skal bruka desse (årsklasse)fiskedødelighetene til å fastsetja kvotar. Då snakkar forvaltarane t.d. om fiskedødeligheten for torsk, noko som kan synast merkeleg etter som fiskedødelighet i utgangspunktet er definert for årsklassar, ikkje bestandar. Løysinga er å definera ein ny fiskedødelighet for bestanden basert på fiskedødelighetene for årsklassane. For torsk har ein i mange år brukt eit gjennomsnitt av fiskedødeligheten for aldersgruppene f.o.m. 5 år t.o.m. 10 år . Denne vert ofte omtala som F5-10. Denne fiskedødeligheten er også heilt presist definert, slik at det ikkje er vanskeleg å rekna den ut. Men dermed er det ikkje sagt at F5-10 er det beste målet å bruka i forvalting av torskebestanden i dag. Og det spørsmålet må forskarar, næring og forvalting ta opp og drøfta. I dag er det F5-10 som vert brukt som mål på fiskepresset på Norsk-Arktisk torsk. Det er sett opp ei føre-var grense for F5-10 på 0,42, dvs at høgare fiskepress vert sagt å vera i strid med føre-var prinsippet. Eg synest bruken av F5-10 kan vera problematisk av fleire grunnar.

Stort fiskepress på den yngste fisken

Den fiskedødeligheten som vert brukt i forvaltinga i dag inkluderer berre aldersgruppene f.o.m. 5 t.o.m. 10 år. For bestandsutviklinga nokre år framover i tid er det viktig å ha så lågt fiskepress som mogleg på den yngste fisken, men dette vert ikkje fanga opp i dagens mål (F5-10 ) på god fiskeforvalting. Det betyr at det kan vera eit uforsvarleg stort fiskepress på dei yngste utan at det vert slått alarm, dersom F5-10 er innanfor grensene. Dette fordi forvaltinga fokuserer så sterkt på aldersgruppene 5 til 10 år. Teoretisk sett kan ein altså fiska mykje fisk som er yngre enn 5 år, og likevel ha null fiskedødelighet i forvaltingssamanheng, fordi forvaltinga brukar fiskedødeligheten for 5 til 10 år gammal fisk som mål. Problemet er at føre var-regelen ikkje måler fiskepresset på dei yngste fiskane, noko den bør gjera for å gje ei god fiskeriforvalting. Som løysing kan ein t.d. tenkja seg ei grense for F3-4, i tillegg til dagens grense på F5-10.

Stor variasjon på fiskedødelighet for dei eldste aldersgruppene

Eit anna problem med F5-10 er at fiskedødeligheten på 10-åringane tel like mykje som fiskedødeligheten på 5-åringane i utrekninga av F5-10 . Dette kan vera problematisk av fleire grunnar. For det fyrste er det viktig at nok fisk overlever til dei vert kjønnsmodne, slik at gytebestanden vert stor nok. Difor er det viktig at fiskepresset på 5- og 6-åringar ikkje er for høgt, medan det ikkje er like viktig å ha eit lågt fiskepress på dei eldste. Slik F5-10 vert rekna ut i dag, er det ingen ting som fortel noko om fiskemønsteret på alder er fornuftig.

Det er også viktig å vera klar over at fiskedødeligheten for dei eldste aldersgruppene varierer mykje meir frå år til år enn fiskedødeligheten for dei yngre. Dette er fordi årsklassane ofte er nesten utfiska når dei vert 9-10 år gamle. Dermed gjev tilfeldige variasjonar i fangst ved alder på dei eldste fiskane store utslag i fiskedødeligheten deira. F5-10 kan difor koma til å variera ein del frå år til år pga. tilfeldige svingingar i fangst ved alder for dei eldste fiskane, utan at fiskepresset på bestanden generelt har endra seg mykje. Dette er eit veikt punkt ved dagens bruk av F5-10 .
Ei form for vekta gjennomsnitt, der dødeligheten på dei yngste tel meir enn dødeligheten på dei eldste, kan vera ei løysing. Då må også referansepunktet for F5-10 reviderast. Det er også viktig å hugsa på at referansepunkt ikkje kan lausrivast frå modellen som vert brukt til bestandsberekningar.

Kontaktpersonar:

Kristin Gulbrandsen Frøysa, Senter for marine ressurser
Informasjonssjef Jo Høyer: 55 23 85 21