Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

100 år med internasjonalt samarbeid om havforsking

14.09.2001
Etter eit førebuande møte i Stockholm i 1899 møtte 24 havforskarar frå ni europeiske land i Kristiania (Oslo) i mai i 1901 og utarbeidde retningslinjer og planar for internasjonalt forskingssamarbeid for havområda og fiskeressursane i Nordaust-Atlanteren.

Dei tilrådde at det vart danna ein institusjon/organisasjon som kunne koordinera slikt samarbeid, og allereie i 1902 vart havforskingsrådet ICES (International Council for the Exploration of the Sea) starta på eit møte i København. Skandinaviske havforskarar var pådrivarar i arbeidet med å etablera ICES. Svensken Otto Petterson tok initiativet. Han var internasjonalt kjend for sine arbeid om korleis utstrøyming av kaldt og ”ferskt” vatn frå Austersjøen påverka sildemengdene og sildefisket på Bohuslän-kysten. Frå norsk side var Fridtjof Nansen og Johan Hjort hovudmennene. Nansen hadde eit stort namn som pol- og havforskar og Johan Hjort var leiar av det nystarta Fiskeridirektoratet (etablert i 1900). Nansen vart vald til president for møtet i Kristiania i 1901 og Hjort, som nettopp hadde teke i bruk det nye forskingsfartøyet ”Michael Sars” (1900), utforma mykje av planane for internasjonalt samarbeid til havs. Dei to norske seniorane Henrik Mohn (meteorologi) og Georg Ossian Sars (zoologi) var inviterte som gjester til møtet. Dei hadde hatt hovudansvaret for forskingsresultata frå ein stor ekspedisjon til nordlege havområde om lag 20 år tidlegare, resultat som hadde vakt åtgaum internasjonalt.

Grunngjevinga for resolusjonane frå møtet i Kristiania (Oslo) inneheld tre hovudpunkt:

  • Utnytting av havressursar må tuftast på kunnskap frå havforsking.
  • Slik kunnskap kan best skaffast gjennom internasjonalt samarbeid mellom forskarar/ forskingsinstitusjonar.
  • Fisket må fremjast gjennom internasjonale avtalar.

Etableringa av ICES i 1902 medførde at dei to første av desse punkta vart raskt ivaretekne av forskarane sjølve. Det tredje punktet, internasjonale avtalar for gjennomføringa av sjølve fisket, tok mykje lengre tid, og det er først i laupet av dei siste 20–25 åra at det har kome på plass eit internasjonalt avtaleverk om retningsliner for bærekraftig fiske. Havrettstraktaten (1977) og FN-konferansane i 1980- og 1990-åra la grunnlaget for dette avtaleverket, men framleis attstår mykje arbeid med omsyn til utforminga av konkrete reguleringstiltak for fleire fiskebestandar. Eit eksempel på dette er kolmulebestanden i Nordaust-Atlanteren, der ei rekkje fiskerinasjonar (Noreg, EU, Færøyane, Island, Russland) nærmast har ”kappfiska” dei siste åra slik at totalt fangstkvantum er langt høgare enn forsvarleg.

ICES har sidan starten hatt to hovudfunksjonar. Rådet er koordinator for mykje av det internasjonale forskingssamarbeidet på havmiljø og havressursar i Nordaust-Atlanteren, og det er rådgjevar for dei internasjonale kommisjonane som steller med ressurs- og miljøspørsmål i dette området. Rådgjevingsfunksjonen er ivareteken av to komitear, ein for fisk og sel og ein for miljø- og forureiningssaker. I desse komiteane sit ekspertar frå alle ICES sine 19 medlemsland (kystnasjonane i Europa + USA og Canada). Samansetjinga sikrar både at råda som vert gjevne er fagleg gode og at dei ikkje har ”nasjonal slagside”. Politisk ”taktikkeri” i rådgjevinga har vore, og er framleis, fråverande i ICES. I Noreg er ICES svært godt kjend for aktørane i fiskerinæringa fordi organisasjonen kvart år gir råd om storleiken på neste års fiskekvotar, råd som ikkje alltid er like velkomne i store deler av næringa.

Rådgjevingsfunksjonen er no under forandring. Det er lite tilfredsstillande med ei inndeling som handsamar miljø- og ressursspørsmål kvar for seg når ein veit kor sterkt miljøtilhøva påverkar produksjon, næringskjeder og bestandar i dei ulike økosystema. Difor er det no i gang arbeid med sikte på å få til meir heilheitleg rådgjeving, der all kunnskap om det aktuelle økosystemet (Austersjøen, Nordsjøen, Norskehavet, Barentshavet m.m.) blir teken omsyn til ved utarbeiding av råd.

ICES si kan hende viktigaste rolle gjennom hundre år har vore som diskusjons- og meiningsbrytingsforum forskarar imellom. Både i arbeidsgrupper, komitear og ikkje minst på årsmøta har det vore til dels svært ”friske” diskusjonar om fagmetodikk og forskingsresultat. To døme på dette der norske forskarar var involverte kan nemnast. Allereie på dei tidlege møta tok Johan Hjort til orde for å bruka alderen av fisken for å studera korleis årskulla varierte i talrikheit. Han og medarbeidarane hans hadde då analysert silderisp (skjel) og funne at alderen kunne avlesast på rispet som årringar i tre. Arbeidet deira tok utgangspunkt i tyske forskarar sine funn eit tiår tidlegare som viste at årringar kunne avlesast i øyresteinane hos fisk. Hjort ivra derfor for at all fangst av kvart fiskeslag kvart år burde inndelast i aldersgrupper. Dette materialet kunne så studerast etter same mønster og metodikk som det forsikringsselskapa brukte for å skaffa seg oversikt over utviklinga av dei ulike årskull av menneske. Hjort ville at ICES skulle stå for tilretteleggjing av dette arbeidet, men han fekk mykje motbør i lang tid – spesielt frå ein britisk forskar, D’Arcy Thompson. Thompson meinte at sonene som kunne avlesast i risp og øyresteinar ikkje viste alderen av fisken. Etter 15-20 år med diskusjon fekk Hjort gjennomslag for si linje, slik at aldersgruppering av fangst vart ein del av datamaterialet i ICES. I 1950-åra utvikla britiske forskarar metodikk for å analysera verknaden av fangsten på bestandane, nettopp ved å bruka slikt materiale.

Det andre dømet er frå 1950- og 1960-åra då den kjende norske sildeforskaren Finn Devold presenterte sin teori for forskyvingane av gytefeltet for den norske vårgytande sildestamma. Frå soga viste ein at ein hadde hatt godt fiske av sild på Bohuslän-kysten i periodar med svikt i fisket langs kysten av vestlandet. Til eksempel var Bohuslän-fisket godt i 1880-åra då det var ”svart hav” langs vestlandskysten. I 1950-åra tok fisket til å svikta mellom Lista og Karmøy etter mange tiår med godt fiske. Devold meinte dette var ein del av det han kalla sildeperiodar. Ein slik periode varde i 70-80 år og byrja med gyting på Bohuslän-kysten, men gytefelta vart forskyvde nordover langs norskekysten og slutta med at silda gytte i Nord-Noreg. Han viste til fleire slike periodar bakover i hundreåra. Hans Höglund, ein kjend svensk sildeforskar, var heilt usamd med Devold, og viste til sine eigne data som tyda på at silda på Bohuslän-kysten i 1880-åra var av nordsjøsildstammen og ikkje same slags sild som gytte om våren på vestlandskysten. Diskusjonen mellom Devold og Höglund pågjekk i mange år. Emnet er interessant, men det medverka til at fiskepresset på sild som var sterkt aukande i desse åra og som slutteleg førde til at bestanden braut heilt saman mot slutten av 1960-åra, fekk for lite merksemd både i Noreg og i ICES.

ICES gir no råd om fangstkvotar og andre reguleringstiltak (minstemål, maskevidde, m.m.) for 139 fiskebestandar, inkludert alle bestandar som er viktige for norsk fiske. Kvar bestand vert klassifisert til å vera innanfor eller utanfor ”sikre biologiske grenser” og vurdert til å falla i ein av tre kategoriar:

  • Bestanden er bærekraftig (20 prosent)
  • Bestanden er overfiska (46 prosent)
  • Bestanden står i fare for å bryta saman (34 prosent)

Tala i parentes viser noverande prosentfordeling av alle 139 bestandane. Fordelinga tyder på at 80 prosent av fiskebestandane i Nordaust-Atlanteren gir – eller om kort tid vil gi – langt lågare utbyte enn det dei har potensial til, i hovudsak fordi fisket er for hardt. Og sjølv om fangsten av fisk no, med unnatak for få bestandar, føregår etter internasjonale avtalar, tykkjest det likevel å vera langt att til beskatninga er slik at den fremjar fisket slik Kristiania-møtet for 100 år sidan peika på. Det er særleg dei pelagiske fiskeslaga som utgjer gruppa bærekraftig (sild, makrell, lodde), medan kvitfiskbestandane (torsk og hyse) i stor mun anten er overfiska eller står i fare for å bryta saman. Spesielt ille er stoda for torsken i Nordsjøen, men også for torsken i Barentshavet tykkjest framtidsutsiktene mørke. Hardt overfiske i mange år har medført dette.

Møtet som no skal vera i Oslo er eit ope møte. Programmet er inndelt i sesjonar om ulike fagemne som ein må ha spesiell interesse i, om ein skal ha godt utbyte. Men torsdag 27. september frå kl 1330 og utover til kl 1800 skal det vera ein spesiell jubileumssesjon med meir ålment interessante emne. Direktør Finn Bergesen Jr. (NHO) skal tala om kunnskapskrav i utviklinga av fiske og havbruk og kva ICES kan/bør bidra med. Direktør Ola M. Johannessen (Nansensenteret i Bergen) vil innleia om avsmeltinga av havisen i Arktis i relasjon til global oppvarming, og direktør Chris Reid (Sir Alistar Hardy Foundation, Plymouth) vil tala om korleis dyreplanktonet i Nord-Atlanteren, den viktigaste maten for fisken, varierer under skiftande klimatilhøve.

I dagane 26.-29. september har Det Internasjonale Råd for Havforskning (ICES) årsmøtet sitt i Oslo. Møtet er ei 100-års markering og blir opna av Kronprins Haakon.

Fullstendig program for møtet finn ein på ICES sine nettsider (www.ices.dk/asc/2001).

Kontaktperson:
Odd Nakken, Havforskningsinstituttet