Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Liten nedgang i loddebestanden

08.10.2001
Dette er konklusjonen etter at to forskingsfartøy frå Havforskingsinstituttet og to frå PINRO i Murmansk i fire veker har kartlagt loddebestanden i Barentshavet. Totalt har ein funne 3.6 millionar tonn lodde, mot 4.3 millionar i fjor og 2.8 millionar året før.

Den modnande delen av bestanden i haust utgjer om lag 2 millionar tonn, ein liten nedgang frå i fjor. Trenden gjennom dei seks siste åra med ein årviss auke i loddebestanden er med det broten. Forskar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet som har leia undersøkingane, seier grunnen til nedgangen i bestanden er at den rekrutterande 2000-årsklassen er langt mindre talrik enn 1999-årsklassen var som eittåringar.

Middelvekta er elles lågare i år enn i fjor for alle aldersgruppene, og overlevinga frå år til år er lågare enn ho har vore dei siste tre åra. Årsakene til desse endringane er ikkje kjende. Det er framleis mykje stor fisk i bestanden. Mest alle tre- og fireåringane vil modnast og gyte til vinteren, og den modnande fisken har ei middelvekt på over 20 gram. Dette er langt over gjennomsnittleg vekt i den modnande bestanden.

Utbreiinga i år er ekstremt nordleg. Ikkje sidan 1975 har nordgrensa for loddebestanden vore funnen så langt mot nord: Om lag 80°N mellom Svalbard og Franz Josefs Land. Særleg den modnande delen av bestanden stod langt mot nord, medan 1-åringane som vanleg stod meir spreidde over heile havet. Temperaturen var vesentleg høgare i sentrale og nordlege delar av Barentshavet i år enn det som er normalt.

Sjølv om situasjonen i loddebestanden framleis må seiast å vera god, er det grunn til uro når det gjeld den vidare utviklinga. 2000-årsklassen er berre halvparten så talrik som gjennomsnittet for dei siste 30 åra, og middelvekta er også under gjennomsnittet. På grunn av dei gode veksttilhøva dei 2-3 føregeande åra, vil 3- og 4-åringane stort sett gyte og døy komande vinter. Det er då den relativt rike 1999-årsklassen som må bere bestanden til neste år, og det er grunn til å vente ein nedgang både i totalbestanden og den modnande bestanden frå neste haust.

Det er no ei minkande mengd av ungsild i Barentshavet, og det er difor ikkje venta at lodderekrutteringa vil verta nemnande hemma av sild til neste år.

Desse resultata vil danne grunnlaget for det vidare arbeidet fram mot møtet som startar denne veka i rådgjevingskomiteen for fiskeriforvalting i det internasjonale havforskingsrådet, ACFM. Ein vil rekne på kva dødsrater ein kan vente seg gjennom vinteren, og kor stor del av lodda som no er modnande, som vil overleve fram til gytinga. I dette reknestykket inngår storleiken og alderssamansetjinga av torskebestanden. Basert på desse vurderingane vil ACFM gje råd om loddefisket neste år.

Det vart funne rekordmykje polartorsk i år, 1,9 millionar tonn. Noko av auken frå tidlegare år skuldast truleg at ein større del av polartorskbestanden vart dekka i år, mellom anna områda vest og nordaust av Svalbard.

Kontaktpersonar:

Forskningsdirektør Åsmund Bjorndal , Senter for marine ressurser: 55 23 86 90
Forskar Harald Gjøsæter , Senter for marine ressurser: 55 23 84 17
Informasjonsrådgjevar Kristin Sandereid : 55 23 85 16