Hopp til hovedteksten
0-gruppetorsk.gif
Utskriftsvennlig versjon

Om 0-gruppetorsk på loddetoktet

15.10.2001
Det vart funne heller lite 0-gruppetorsk under det norsk-russiske 0-gruppetoktet i august-september i år. Aust for Spitsbergen dekkar dette toktet berre områda sør for 76º30’N. I samband med spekulasjonar om det kunne finnast noko 0-gruppetorsk lenger nord finn vi det rett å presentere registreringane som vart gjort under det nyleg avslutta norsk-russiske loddetoktet.

Under dette toktet dekka dei to norske fartøya området nord for der 0-gruppetoktet dekka, heilt nord til 80ºN aust av Svalbard, sjå vedlagde kart. Innafor det merka området tok dei to norske fartøya til saman 55 pelagiske trålhal. På kartet er det teikna inn dei stasjonane der det vart funne 0-gruppetorsk, og talet på desse.

Som det går fram av kartet er det berre observert 0-gruppetorsk på fire stasjonar mellom 76º30’N og 77º30’N, og berre mellom 1 og 8 yngel på kvar stasjon. Det kan difor konkluderast at det ikkje var nemnande mengder med 0-gruppetorsk nord for det området som vart dekka på 0-gruppetoktet aust av Svalbard.

0-gruppetorsk.gif

Kontaktpersoner:

Harald Gjøsæter, 55 23 84 17
Seksjonsleder Kjell Nedreaas, 55 23 86 71