Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Norske og russiske forskarar samkøyrer alderslesinga på lodde

27.11.2001
I perioden 12-15 november vart det halde eit seminar på Havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk, der alderslesarar frå Havforskingsinstitutta i Bergen og Murmansk kom saman for å samanlikne og samkøyre alderslesinga si på lodde. Det å fastslå alderen på fisken er svært viktig for å kunne vurdere alderssamansetjinga i bestanden, den individuelle veksten osb.

For lodda er det otolittane, eller øyresteinane, som vert bruka til å vurdere alderen. Dette samarbeidet er ein liten del av det utstrakte samarbeidet som eksisterer mellom desse to institutta.

Lodda er enkel å vurdere alderen på samanlikna med mange andre arter, både fordi lodda ikkje vert eldre enn 5-6 år og fordi otolittane stort sett har tydelege vekstsoner. Tolkinga av loddeotolittar er likevel ein ”kunst” som krev lang trening og god innsikt i fisken sin biologi. Det var to av dei mest røynde alderslesarane på lodde frå Havforskingsinstituttet i Bergen, Bente og Jostein Røttingen, som saman med underteikna var i Murmansk for å diskutere alderslesing med sine russiske kollegaer. Det har i fleire år vore eit utvekslingsprogram mellom HI og PINRO, der loddeotolittar lesne ved eine instituttet er sende til lesing ved det andre. Under seminaret på PINRO i november, som er det andre slike seminaret på loddeotolittar, vart resultata frå denne utvekslinga gjennomgått og diskuterte. I tillegg var det ein praktisk bolk der nokre otolittprøver frå kvart av institutta vart lesne av alle deltakarane uavhengig av kvarandre. Dei otolittane det var usemje om vart så diskuterte meir grundig.

Resultata både frå otolittutvekslinga dei seinare åra og frå dette og det førre seminaret syner at når det gjeld otolittar frå haustperioden, som er perioden då det årlege loddetoktet går av stabelen, vert tolka praktisk talt likt av alle lesarane. Otolittar samla inn om vinteren, hovudsakleg frå fisket, er vanskelegare å tolke, og her spriker resultata noko frå lesar til lesar. Det er også ein tendens til at dei russiske lesarane her set eit år høgare alder enn dei norske. Når slike vanskelege otolittar vart diskuterte, var det i dei fleste tilfelle mogeleg å finne fram til ein alder som dei fleste kunne einast om.

For å finna ut meir om kva som gjer at vinterotolittane er vanskelegare enn haustotolittane, og for å prøve å oppnå best mogeleg og mest mogeleg like resultat frå HI og PINRO, vil utvekslinga av loddeotolittar halde fram. Og om to år er det planlagt eit nytt seminar i serien.

Det er ved å studere loddeotolittane under lupe med mellom 10 og 50 gonger forstørring at ein kan lese alderen ved å telje talet på årringar. Desse ringane vert danna fordi veksten av fisken er hurtig om sommaren og stansar opp om vinteren, og denne veksten vert spegla i otolitten, på same måte som alderen på eit tre kan lesast av som talet på årringar i stamma når ein sagar ho over.