Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Klar for ny sesong med torskeyngel i Parisvatnet

16.03.2001
Alt er i rute til ein ny sesong ved Havforskningsinstituttet sin yngelpoll Parisvatnet, i Øygarden utanfor Bergen. I slutten av mars vil fleire millionar nyklekka torskelarvar verta sett ut i pollen, og dersom alt går etter planen vil vi ha 300 000 yngel til hausten. Desse vil stort sett bli levert til torskeoppdrettarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Vi er no inne i den 15. sesongen med produksjon av torskeyngel i Parisvatnet, og sjølv om mykje har endra seg innan torskeoppdrett sidan oppstarten i 1987 har ingen anlegg slått produksjonsrekorden vår frå 1991med 270 000 leveringsklare yngel. Dei siste åra har yngelen som har vorte produsert blitt seld til oppdrettarar. Vi ynskjer ikkje å konkurrera med dei som driv kommersielt, men har sett det som naudsynt å halda ein viss kontinuitet i yngelproduksjonen for å få til ei utvikling av torskeoppdrett.

Interessa for å starta med oppdrett av torsk er for tida svært stor, og mange ynskjer å starte opp, både med yngelanlegg og matfiskanlegg. Pr. i dag er det tilgongen på torskeyngel som avgrensar veksten i næringa, men på lenger sikt vil naturleg nok lønsemda totalt sett og marknadssituasjonen vera avgjerande kor mykje torsk ein kan produsera. I regi av Norsk Sjømatsenter er det oppretta eit torskenettverk som skal arbeida for utviklinga av torskeoppdrett.

Dei fleste yngelanlegga for torsk som er under planlegging i dag, satsar på intensive produksjonsmetodar med rotatoriar og Artemia som fôrdyr, heilårleg produksjon og store produksjonsvolum. Denne metoden vert brukt med godt resultat m.a. i Middelhavslanda til produksjon av sea bass og sea bream. Skal ein få til torskeoppdrett i verkeleg stor skala må ein nok lukkast med denne metoden også når det gjeld torsk.

Anlegget i Parisvatnet vart bygd opp i 1986/87, og hadde som føremål å levera torskeyngel til dei store havbeiteforsøka som vart starta opp på den tida. Sidan den tid har vi produsert yngel kvart år i Parisvatnet, og vore den desidert største yngelprodusenten i Noreg. Grunnen til at ein den gongen valte å satsa på ekstensiv yngelproduksjon var samansett av fleire faktorar; ein fekk eit viktig gjennombrot i Hyltropollen i Austevoll i 1983 då ein for første gong greidde å produsera eit stort tal torskeyngel; ein hadde i tillegg dårlege erfaringar med intensiv yngelproduksjon både av torsk og andre artar på den tida; og ikkje minst viktig, ein ynskte å produsera ein tilnærma 'naturleg' yngel til havbeiteforsøka.

I åra 1988 til 1995 gjekk storparten av yngelen frå Parisvatnet til utsetjing i samband med havbeiteprogramma 'Torsk i fjord' og seinare 'PUSH'. I tillegg var det også den gong levert yngel til folk som ville prøva seg med torskeoppdrett, og yngel frå Parisvatnet har vore brukt i mange forsøk både ved Havforskningsinstituttet og andre forskingsinstitusjonar. Storparten av havbeiteyngelen vart sett ut i Masfjorden og Øygarden i Hordaland.

Stikkord for ekstensiv yngelproduksjon er bruk av naturleg plankton, låge tettleikar av torskelarvar og byttedyr, og relativt naturleg miljø. I februar/mars vert det lagt inn egg i klekkeriet. Desse klekkar etter ca. 17 dagar og dei nyklekka larvane vert straks sett ut i pollen. Torskelarvane livnærar seg av naturleg plankton i pollen dei første vekene. Etter kvart aukar mengda mat som trengs, og ein tilfører ekstra plankton som ein filtrerar frå sjøen utanfor Parisvatnet. Frå mai månad supplerar ein med tørrfôr i pollen, og i midten av juni byrjar ein innfanging og overføring til merd. I løpet av juli er dette arbeidet er stort sett unnagjort. Yngelen er i midten av juni vorten ca 5 cm stor, og i august ca 10 cm. I samband med innfanginga vert yngelen sortert og litt seinare vaksinert mot vibriose. I perioden september til desember kan yngelen leverast til oppdrettar for vidare påvekst, den er då vorten 40 - 200 gram.

Sjølv om oppdrett av torskeyngel i framtida stort sett vil basera seg på intensiv produsert yngel, er denne metoden framleis på forsøksstadiet. Anlegg som Parisvatnet har vore grunnlaget for den satsinga ein no ser på torskeoppdrett og kan spela ei viktig rolle også fleire år framover. Bruk av seminaturlege miljø har i tillegg vore viktige laboratorium i grenseland mellom feltstudiar og reine eksperiment. Til dømes er vi no i gong med eit større EU-prosjekt der ein ved å kombinera moderne DNA-metodar og bruk av ekstensiv oppdrett vil læra meir om samanhangen mellom strukturen i gytebestanden og rekrutteringa av norsk-arktisk torsk.