Metodar for mengdemåling av marine ressursar
Senter for marine ressursar, med Olav Rune Godø i spissen, ønskjer å forske på mengdemålingsmetodikk for levande marine ressursar. Dei grunngjev søknaden med at direkte målingar av marine ressursar er heilt avgjerande for utfallet av offisielle bestandsvurderingar og vitskaplege anbefalingar av kvoter. Ifølgje Godø vil kravet til metodikken i framtida ikkje berre gjelde enkeltbestandar, men også forholdet mellom bestandar i form av eit situasjonsbilete av økosystemet. Senteret skal samle norsk og internasjonal ekspertise på mengdemålingsmetodikk og ha ei kjernegruppe samla i Bergen.
Helse og velferd for oppdrettsfisk
Senter for havbruk ved Geir Lasse Taranger står for den andre søknaden. Dette er eit felles forskingsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt og Universitetet i Bergen. Visjonen bak senteret er å skaffe grunnleggjande biologisk kunnskap i arbeidet med å sikre normal utvikling, helse og velferd for norske fiskeartar i oppdrett. Forskarane vil bruke fiskemodellar for å utvikle generisk kunnskap om m.a. miljø, reproduksjon og helse med hovudvekt på nøkkelartane atlantisk laks, kveite og torsk.