Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Mykje loddelarver i Barentshavet

04.07.2000
Det er produsert store mengder loddelarver i Barentshavet i år. Dette er hovudkonklusjonen etter Havforskingsinstituttets forskningsfartøy 'Michael Sars' avslutta det årlege lodde-larvetoktet 27. juni.

Sjølv om overslaget på vel 19 tusen milliardar larver berre er vel halvparten så høgt som det ein fann i 1999, er dette det nest meste ein har funne i perioden 1981 til 2000. Det er nesten tre gonger så høgt som gjennomsnittleg overslag i heile perioden.

Under årets loddelarvetokt vart mengde og utbreiing av loddelarver kartlagt langs kysten frå Andenes til aust av Vardø. Diverre fekk ikkje fartøyet tilgang til områda i russisk økonomisk sone sør for 71ºN, så det var ikkje mogeleg å kartleggje austgrensa for larveutbreiinga. Difor er det truleg produsert noko meir loddelarver enn dette overslaget viser.

Det høge talet på loddelarver i juni viser at gytinga har vore vellukka og at grunnlaget for ein rik årsklasse er til stades. Det er likevel heilt umogeleg å sei om kor mange av desse larvene som overlever larvestadiet, og om 2000 årsklassen vil verta talrik eller ikkje. Ein første peikepinn vil ein få under årets 0-gruppetokt i slutten av august. Men også under det toktet er norske forskingsfartøy nekta tilgang til russisk økonomisk sone.

Først når yngelen har overlevd i halvtanna år og vert målt akustisk om hausten, får ein eit sikkert mål for årsklassestyrken. Styrken på 1999-årsklassen, som syntes svært lovande under yngeltokta i fjor får ein altså eit første mål på under det akustiske toktet i september-oktober 2000. Styrken på 2000-årsklassen vil først syne seg i september-oktober neste år.

Kontaktpersonar:
Forskar Harald Gjøsæter, 55 23 84 17
Forskingsdirektør Åsmund Bjordal, 55 23 86 90
Informasjonskonsulent Kari Østervold Toft, 91 38 06 29

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet