Hopp til hovedteksten
Egg fra torsk og hyse
Foto: Jan Henrik Simonsen
Utskriftsvennlig versjon

Finn gyteområde ved hjelp av gentesting og straummodellar

Mange av dei lokale torskebestandane langs kysten er genetisk tilpassa akkurat sin fjord eller si havbukt. Dei har også faste, ”skreddesydde” gyteområde som sikrar ei suksessfull vidareføring av stammen. No er det utvikla ein metode som gjer forskarane i stand til å lokalisera og vurdera verdien av desse gyteområda.

Den nye metoden identifiserer gytefelta med stor sikkerhet, og blir eit nyttig hjelpemiddel når forvalntinga skal seia ja eller nei til ulike tiltak og aktivitetar i kystsonen.

Torsk og oppdrettarar har same smak

– Gytemoden kysttorsk og oppdrettarar har ein ting til felles. De har sansen for rolige, skjerma fjordbasseng med gode strømforhold. Det illustrerer den konflikten vi kan oppleva i dei nære kystområda våre, seier Sigurd Espeland frå Havforskingsinstituttet stasjon Flødevigen. Han er fagansvarlig for kartlegging av gytefelt i prosjektet som har ført fram til den nye kartleggingsmetode.

Usikkert med intervju

Det er første gang ein systematisk har teke i bruk genetikk og oseanografi i jakta på gytefelta. Tidlegare har ein i stor grad støtta seg til måling av eggtettleik og intervju med lokalkjende fiskarar. Men kunnskapen frå intervju har sine svake punkt.
At ein til dømes fangar fisk med rennande rogn behøver ikkje å bety at ein fiskar midt i eit gytefelt. Det har spesielt vist seg i ytre strøk der det tidlegare er påstått å eksistera gytefelt langs den ruta fisken tar til gytefelta forskarane no har lokalisert.

– I indre strøk derimot stemmer fiskarane sine gytefelt godt overeins med våre avgrensa felt, fortel Espeland.

Gentesting av torskeegg

Eggproduksjonen åleine kan også vera misvisande når ein skal bestemma kor viktig eit lokalt gyteområde er. Eggtrekka kan nemleg også innehalda egg frå skrei og oppdrettstorsk – både frå rømt fisk og fra merdane. Her kjem genetikken inn.  Ved hjelp av genetiske testar kan forskarane seia om det berre er lokale torskebestandar som nyttar seg av gytefeltet eller om innslaget frå oppdrettsfisk og skrei er stort. Eit gytefelt er altså ikkje nødvendigvis eit gytefelt, slår Espeland fast.

– Eit felt kan vera lite, men avgjerande for ein lokal bestand. På same måte kan eit stort felt vera av mindre betydning.  

 Kysttorsk i fare

Dei mange kysttorskstammane er viktige for det genetiske mangfaldet langs kysten. Dei siste åra er kysttorsken sett kraftig tilbake. Fleire lokale torskestammar er bort i mot utrydda. Espeland presiserer at det ikkje er torsk som art som er truga, men fleire av dei lokale kysttorskbestandane.

– Desse bestandane har utvikla seg over lang tid. Torsken har tilpassa seg temperatur, mattilbod, saltinnhald og andre lokale miljøtilhøve. Forsvinn dei frå ”sin” fjord, er det ikkje sikkert at det kjem torsk tilbake, seier han.

Held egg og larver på plass

For å sikra at slekta vert ført vidare, vel torsken gyteområde der egg, og etter kvart larvene, vert haldne på plass (retensjon). Gytefelta ligg gjerne nær gode oppvekstområde som er lette å nå for larvene når dei vert symjedyktige.
Frå tidlegare veit ein at det ligg naturleg til rette for slik retensjon i typiske terskelfjordar. Her er gjerne heile fjordbassenget definert som gytefelt.

– Vanskane oppstår når ein skal identifisera gytefelt i større fjordar utan slike basseng. Straummodellane hjelper oss til å vurdera kor langt egga driv før dei klekkjer slik at vi kan setja grenser for feltet , forklarar Espeland. 
Grovt rekna trur han det kan vera mellom 10 og 15 nasjonalt viktige gytefelt (kategori A) langs norskekysten. Talet på gytefelt av lokal betydning kan truleg koma opp i fleire tusen når heile kyststripa er ferdig kartlagt, noko som tidlegast skjer i 2015.
 

Metode for lokalisering og verdisetting av gyteplasser i fjorder med dype terskler, åpne havbukter og sund

  • ’Gytefelt for fisk’ går som eigen naturtype i det nasjonale programmet for kartlegging av marine naturtypar
     
  • Så langt har kartlegginga vore avgrensa til gytefelt for torsk – først og fremst bestandar som gyter i fjordar og basseng
     
  • Eit registrert gytefelt omfattar både lekplass for gytande fisk og område der egg og larvar held seg i den planktoniske fasen
     
  • Gytefelta er delt inn i tre kategoriar: nasjonalt viktig (A), regionalt viktig (B) og gytefelt av lokal betydning (C)
     
  • Kategori A omfatter gytefelt for store bestander av kommersielt viktig fisk, for eksempel Lofoten
     
  • Kartelegginga av marine naturtypar er gjort i samarbeid Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Norges geologiske undersøkelser.

Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtyper

  • Finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Forsvarsdepartementet
     
  • Underlagt ei styringsgruppe med Direktoratet for naturforvaltning, Fiskeridirektoratet, SFT og Forsvarsbygg
     
  • Omfattar  12 naturtypar, tre nøkkelområder for spesielle artar samt generell adgang til å kartleggja naturtypar av spesiell lokal betydning
     
  • Naturtypane: Større tareskogførekomstar, sterke tidevatnstraumar, fjordar med naturleg lågt oksygeninnhald i botnvatnet, spesielt djupe fjordar, pollar, littoralbasseng, israndavsetningar, blautbotnområde i strandsona, korallførekomstar, laustliggjande kalkalgar, ålegrasenger, skjelsand, østersførekomstar, større kamskjelførekomstar, gyteområde for fisk
     
  • Havforskningsinstituttet har ei sentral rolle i kartleggingsarbeidet av gytefelt for kysttorsk, østers, kamskjell/haneskjell, stortare og ålegressenger

Kjelde: Direktoratet for Naturforvaltning

Kontaktpersoner

Torjan Bodvin
907 95 847