Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk torsk


Torskefangst

Foto: Gunnar Sætra / Havforskningsinstituttet

Fotograf: Gunnar Sætra / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2020
689 672
tonn
Anbefalt kvote 2019
674 678
tonn
Avtalt kvote 2019
725 000
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, skal fangstane i 2020 ikkje overstige 689 672 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore over MSYBtrigger sidan 2002. Gytebestanden nådde toppnivået i 2013 og har minka noko dei siste åra. Fiskedødsraten (F) vart redusert frå godt over Flim i 1997 til under FMSY i 2008. Sidan 2008 har den vore under  FMSY men har auka til like over FMSY i 2018. Det har ikkje vore sterk rekruttering etter årsklassene 2004 og 2005.

Bestandens tilstand

Bestanden blir hausta berekraftig og har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

* SSB i 2021 samanlikna med SSB i 2020
**Fangst i 2020 samanlikna med TAC i 2019
*** Råd for 2020 samanlikna med råd for 2019

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Signala om bestandssituasjonen frå dei ulike tokta og frå alderssamansetjinga av fangstane spriker ein del, og dette aukar uvissa i bestandsvurderinga. Nivået på prøvetakinga frå fisket gjekk ned rundt 2010, men er noko forbetra i 2016-2018.

Saker relevant for rådet

Bifangsten av kysttorsk og vanleg uer må haldast så låg som råd er.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 460 000 tonn Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den gjeldande forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2019: 0,42
Venta gytebestand i 2020: 1 227 387 tonn

Standardplott