Gå til hovedinnhold

Jostein, Stine og Tanja1

Jostein Røttingen, Stine Karlson og Tatjana Prokhorova lurer på kva avvika i alderslesinga kan skuldast.

Fotograf: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet

Over bordet og på tvers av grensa

Forskarane diskuterer fag over bordet fordi dei samarbeider på tvers av grensa. Denne gongen handlar det om lodde. Det heile skal ende med eit utkast til kvoteråd. I morgon kjem rådet for loddekvota i 2020.

Ein tabell har komme opp på skjermen i enden av rommet. Eit par av møtedeltakarane står  framfor han og drøfter tala i dei ulike kolonnane. Faguttrykka går frå dei ved skjermen til folket ved bordet. «Hyalin sone», «opak sone», «årsvekst». Ord som er viktige for dei som skal bestemme alderen på lodde.

Oppsummerer økosystemtoktet

2019-utgåva av det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet blei avslutta i førre veke, og dekninga var god i både norsk og russisk sone. Det er ikkje alltid slik. Nokre år kjem det is frå nord som set ein stopper for forskingsfartøya, andre år blir ikkje viktige område dekka på grunn av tekniske problem eller militærøvingar.

Rett etter toktet reiste seks norske forskarar og fagfolk til Murmansk for å starte oppsummeringa av det. Den første oppgåva er å analysere informasjonen dei har samla om loddebestanden. I løpet av to hektiske dagar skal dei gå gjennom eit stort datamateriale, legge det inn i modellane sine og til slutt ende med eit utkast til kvoteråd.

I eit av møteromma til Pinro, polaravdelinga til det fødrerale russiske havforskingsinstituttet (Vniro), er det samla ganske mange russiske og norske ekspertar. Så mange at ventilasjonsanlegget innimellom treng hjelp frå eit opent vindauge for at møtedeltakarane ikkje skal bli tungpusta. Eit par av dei sit ved kvar si lupe, andre kik på skjermane sine, skriv litt, ser på sidedama eller -mannen og vekslar eit og anna ord, peikar på skjermen og held fram med skrivinga. Innimellom bryt nokre ut i latter, andre tenker grundig og har alvorlege foldar i ansiktet.

 

Norske og russiske ekspertar diskuterer kva som er riktig alder på ei lodde. Frå venstre: Stine Karlson, Tatjana Prokhorova, Jostein Røttingen, Frøydis Tousgaard Rist Bogetveit, Natalja Pankova, Pavel Krivosjeja og Dmitrij Prozorkevitsj. (Foto: Gunnar Sætra / Havforskningsinstituttet)

Øyresteinen røper alderen til fisken

Tatjana Prokhorova, Stine Karlson og Jostein Røttingen studerer tabellen på skjermen nøye. Dei samanliknar talkolonnane og finn ut at det er skilnader dei må sjå nærare på, og det er no omgrepa «hyalin sone», «opak sone», «årsvekst» osv. kjem inn i diskusjonen.

Kva det dreier seg om? Dei er i gang med såkalla alderslesing på lodde. Ein kan finne alderen til ei lodde – eller annan fisk for den saks skuld – ved å lese på øyresteinen. På havforskarspråket heiter den «otolitt».

– På eit tre er det mogleg å fastsette alderen ved å telje årringane i stubben, og det er omtrent det same som skjer når vi leser alderen på fisk, seier Jostein Røttingen, forskingsteknikar og erfaren alderslesar.

Likevel er det ikkje berre-berre å finne ut kor gammal ei lodde er. Alle øyresteinane er ikkje like lettlesne. Difor trengst det faguttrykk som hjelper dei som gjer jobben. Ei «hyalin» sone er glasaktig og markerer ein periode kor lodda har vakse lite. Den blir også kalla «vinterring». Ei «opak» sone er sommarveksten og er kvit på øyresteinen til lodda. Når alderslesaren skal fastsette alderen til ein fisk, blir den glasaktige – og mørke – sona tolka som slutten på eit år. Det vil seie at ein fisk med tre hyaline (glasaktige) soner – eller vinterringar – blir rekna som treåring. Den kvite – eller opake – sona mellom dei er «årsveksten».

I alt er det seks ekspertar som les otolittar under dette møtet, tre norske og tre russiske. Tabellen på skjermen viser kva for resultat dei ulike otolittlesarane har komme fram til. Sjølv om det stort sett er godt samsvar, er det sprik mellom enkelte av resultata deira.

– All fisk har «fødselsdag» den 1. januar. Vi driv med prøvetaking på ulike tidspunkt på året, og då kan det innimellom vere krevjande å finne eksakt alder, fortel Røttingen.

 

Jostein Røttingen har lese alderen på fisk i mange år. – Det er ikkje uvanleg at ulike alderslesarar kjem fram til forskjellige resultat, fordi ingen har fasiten på dette. (Foto: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet)

Las alderen ulikt

Diskusjonen ved skjermen held fram. Den går på norsk, engelsk og russisk. Tatjana Prokhorova snakkar alle tre språka og brukar dei etter behov. Ved bordet sjekkar dei andre alderslesarane eit par av øyresteinane ein gong til. Veteranen Røttingen set seg ved ei lupe og sjekkar ein av otolittane.

– Vi kom fram til ulik alder på enkelte av fiskane fordi vi tolka sonene ulikt. Det er ikkje uvanleg at ulike alderslesarar kjem fram til forskjellige resultat, fordi ingen har fasiten på dette. Normalt dreier det seg om eitt års skilnad, men denne gongen var det to års forskjell for eit par individ, seier Røttingen og forklarer kvifor:

– Vanlegvis les vi loddeotolittar frå økosystemtoktet som går om hausten. Denne gongen hadde vi med ein del øyrestein frå fisk som blei teken under eit loddetokt i mars og vintertoktet i februar/mars. Dei kan vere vanskelegare å lese om ein ikkje er van med å ha slike under lupa.

Seier noko om dødelegheita

På den eine langsida av bordet har havforskarane Georg Skaret og Jurij Kovaljov sett seg ved same datamaskin for å sjå på reknestykka som i neste omgang skal ende i utkast til kvoteråd.

– Det er fleire faktorar som tel med når vi skal berekne kor stor loddebestanden er. Mellom anna er det viktig å vite noko om dødelegheita, og det får vi reie på ved å lese alderen til lodda. Då kan vi seie noko om kor stor del av eittåringane frå førre år som har overlevd til å bli toåringar i år, og dette blir brukt inn i rådgjevingsmodellen. Hos lengelevande fisk som gyt fleire gonger, til dømes sild og torsk, er bestandsvurderinga bygd opp slik at ein følgjer årsklassar over tid, og då gir alderslesinga heilt sentral informasjon til rådgivinga. Det skjer ikkje i same grad for lodde, fordi ho døyr etter gyting. Difor er det sjeldan at lodda blir meir enn 45 år, seier Skaret.

Forskarane må ta med meir enn aldersinformasjonen i berekningane sine. Mellom anna bruker dei resultata frå økosystemtoktet som blei avslutta i førre veke.

– Under toktet gjennomførte vi akustiske målingar og fleire trålhal. Dei gir oss også data som vi bruker i bestandsberekninga. Det er mengda med såkalla modnande lodde – altså den delen av bestanden som vi reknar med skal gyte til neste år – som avgjer om vi tilrår ein kvote for 2020 eller ikkje. Vi reknar ei lodde som gytemoden når ho er lengre enn 14 centimeter.

 

Havforskarane Jurij Kovaljov (t.v.) og Georg Skaret i tett samarbeid om kvoterådet for lodde. (Foto: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet)

Godt samarbeid

Georg Skaret leia den norske delegasjonen som reiste til Murmansk like etter at økosystemtoktet i Barentshavet var over i førre veke. Forutan dei tre otolittlesarane, var det også to forskarar i den norske gruppa – utanom Skaret.

– Vi har fleire slike arbeidsmøte gjennom året, vi samarbeider godt med dei russiske kollegaane våre og vi er einige om det meste. Rett nok hender det at vi har ulikt syn på eitt og anna, men det dreier seg stort sett om detaljar. På dei vesentlege områda er vi samde.

Til trass for at tilhøvet mellom Russland og Vesten (deriblant Noreg) har tilspissa seg dei siste åra, seier Skaret at det ikkje går ut over samarbeidet mellom dei norske og russiske havforskarane.

– Vi har hatt godt samarbeid sidan 1950-talet, og slik må det vere. Eg set pris på at vi har fagleg takhøgde og dermed tør å vere usamde utan å ta omsyn til politiske skiftingar. Noreg og Russland har ansvar for å forvalte nokre at dei største fiskebestandane i verda på forsvarleg vis. Sidan fisken i havet ikkje bryr seg om grenser, må norske og russiske forskarar og forvaltarar samarbeide på tvers av grensa for å sikre at dei blir hausta på berekraftig måte, seier Skaret.

 

Norske og russiske havforskarar oppsummerer økosystemtoktet i Barentshavet. Frå venstre: Jurij Kovaljov, Dmitrij Prozorkevitsj, Elena Eriksen, Tatjana Prokhorova, Gro van der Meeren og Frøydis Tousgaard Rist Bogetveit. (Foto: Gunnar Sætra / Havforskingsinstituttet)

Sakte, men effektivt

Havforskar Dmitrij Prozorkevitsj ved Pinro sluttar seg til Skaret si vurdering av det norsk-russiske havforskarsamarbeidet.

– Vi var nok meir usamde tidlegare, men no fungerer det svært godt. Rett nok sukker dei mest erfarne norske kollegane våre av og til. Dei er oppgitte over nye byråkratiske hinder som må overvinnast når norske forskingsfartøy ønsker å gå inn i russisk sone. Då kjem minna om at det var lettare for dei å få tilgang til det søraustlege Barentshavet medan Sovjetunionen framleis eksisterte, smiler han.

Sjølv har Prozorkevitsj vore på norske forskingsfartøy og sett korleis arbeidet utførast der.

– Det slår meg at arbeidet ser ut til å gå saktare på dei norske forskingsfartøya enn på våre. Mannskapet er roleg, og eg ser at alle kjenner oppgåvene sine og gjer det dei skal. Då viser det seg at ting ikkje går så sakte likevel, dei jobbar rett og slett på ein effektiv måte. På russiske fartøy er det meir temperament, om du forstår kva eg meiner.

Det går mot kveld i Murmansk. Arbeidsdagen er over, forskarane er ferdige med utkastet til kvoteråd for lodde og har sendt det vidare til Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Det er lett oktoberregn når den norske delegasjonen går mot hotellet. Gatene er pynta til å feire «byens dag», fordi Murmansk fyller 103 år denne fredagen.

Akkurat no fullfører rådgivingskomitéen i ICES kvalitetssikringa av arbeidet som blei gjort i Murmansk. I morgon klokka 12:00 kjem kvoterådet for lodde i Barentshavet.

 

Øyrestein frå ei fire år gammal lodde. (Foto: Havforskingsinstituttet)

 

 

 

Sidepanel

Kontakt