Gå til hovedinnhold

Makrellstørje er ikkje lett å fiske – havforskarane vil hjelpe

Vanskeleg å fange, kan overopphete, toler ikkje sjø – det er berre nokre av utfordringane med å fiske verdas største tunfisk.

Det norske fisket etter makrellstørje nærmar seg slutten for i år, med om lag ein fjerdedel av kvota på totalt 239 tonn fanga. Fleire har opplevd låg gevinst for innsatsen.

Fangstforskar Manu Sistiaga gjekk derfor om bord på ringnotbåten «Vibeke Helene» for å dokumentere fiskeriet og finne utfordringane. Målet er å kunne bidra med forsking og utvikling.

Fisken i overflata er verre å få i nota

Toktet starta ved Måløy i slutten av september og dekka område mellom Værlandet og Sandsøya. Dei fann raskt fisk, som i seg sjølv kan vere vanskeleg.

– Fiskarane si erfaring er at den fisken som visar seg i overflata, flyttar seg svært fort. Det var fisken dei først og fremst såg på sonaren som let seg fange med nota, fortel Sistiaga.

Forskaren var vitne til fire bomkast der fisken rømte ut av nota og to klaff. På det første kastet tok mannskapet 24 makrellstørjer med om lag 230 kilos snittvekt. Dagen etterpå tok dei 29 størjer med snittvekt på 260 kilo.

Blir lagt forsiktig på teppe

Å halde god kvalitet på fiskekjøtet er inga enkel oppgåve. Kvaliteten påverkar prisen fiskarane får.

– Fiskarane snurpar saman nota og løftar ei og ei størje om bord på tjukke teppe. Det er for at dei ikkje skal få skadar på skinnet. Fiskane blei bløgga og behandla med japansk ikejime-teknikk, seier Sistiaga.

Ikejime er å tre inn ein stålwire i ryggrada for å øydelegge fisken sitt sentralnervesystem. Resultatet er at musklane slappar av og ikkje produserer mjølkesyre. Dødsstivheita blir utsett.

– Eg blei imponert over den effektive jobbinga til fiskarane, legg han til

Må kjølast raskt for å ikkje overopphete

Fisken blir deretter lagt på kjøletank. Makrellstørja må kjølast ned raskt.

Kjempetunfisken kan dykke til tusen meter og har heile Atlanteren som leikegrind. For å tole dei ulike miljøa, har han enorm forbrenning og høgare kroppstemperatur enn omgjevnadane. Litt som ein varmblodshest.

– Når fisken blir utsett for stress og samtidig tatt opp av det kjølande sjøvatnet, er det fare for at han overopphetar, og rett og slett «svir» kjøtet. På fiskemottaket tar spesialistar ein prøve av kjøtet før dei gir kvalitetskarakter, fortel Sistiaga.

Fisken toler ikkje sjø

Men når fiskarane først har fisken på kjøletanken, er det om å gjere å unngå sjøgang.

– Størjene toler slingring veldig dårleg. Dei blir kvite på skinnet og får lågare salsverdi, seier Sistiaga.

Han har notert erfaringar frå turen og sine inntrykk frå fiskarane:

  • Fiskarane etterlyser meir deling av kunnskap, erfaringar og utstyr båtane imellom.
  • Kontrolløren som var med frå ICCAT meinte dei norske båtane må gå raskare for å omringe fisken og unngå bomkast. I Middelhavet held tunfiskbåtane 10 knop, mot 7-8 knop her. 
  • Kontrolløren meinte også at det vil vere betre å bruke båt heller enn drivanker for å strekke nota bakover.
  • Fiskarane på «Vibeke Helene» meinte størjenøtene frå 70-talet ikkje er tilpassa dagens båtar og fiskeri, og etterlyser meir samarbeid om moderne design. Utstyret er ei stor utgift.
  • I dårleg vêr er det vanskelegare å oppnå ønska kvalitet på fisken, og det er høgare risiko for uhell om bord.
  • Skippar på ein linebåt fortel at dei ikkje fekk fisk trass forsøk med ulike typar daudt agn. (Levande agn er forbode i Norge. Det er utbreidd i kommersielt stongfiske etter makrellstørje i andre land.)
  • Avgrensa, nytt salsapparat og komplisert logistikk gjer det vanskeleg å oppnå prisar som veg opp for ressursbruken.

Vil finne betre lagringsmetodar

Makrellstørjefisket er eit sesongfiskeri der store enkeltfangstar driver ned både pris og kvalitet.

Forskar Manu Sistiaga meiner frysing gjer det mogleg å forsyne marknaden meir gradvis.

– Viss fisken er fryst til -60 grader, held den kvaliteten i ti år. På -40 grader held den éin månad. Men konteinarar som held -60 grader brukar freongass, som er forbode i Norge. Kan vi finne alternativ? spør han.

Vil snakkast og gjerne forske

Levandelagring er også ein moglegheit som forskarane er nysgjerrige på. Det vil kunne gi topp kvalitet over tid.

– Vi ønsker uansett eit møte med både fiskarane og Fiskeridirektoratet for å kartlegge fleire problemstillingar før vi går vidare med konkrete prosjekt, seier fangstforskar Sistiaga.

Foto: Manu Sistiaga / Havforskningsinstituttet