Gå til hovedinnhold

Fedje: Sjekka krabbe og fisk for kvikksølv


illustrasjon av Fedje u-båten og en fisker som drar opp en havteine.

Fiskebåten "Vikingfjord" med skipper Helge Torsvik samla inn prøvane ved vraket saman med HI-teknikarar. Sjå fleire ubåt-illustrasjonar hos Kystverket.

Fotograf: Kystverket, Havforskningsinstituttet

Fann auka nivå av kvikksølv i krabben. – Ikkje berre frå ubåten, forklarar forskar.

Den tyske ubåten U-864 blei senka utanfor Fedje i 1945 med 67 tonn kvikksølv om bord. Delar av dette blei då spreidd på havbotnen rundt vraket.

Har sjekka brosme og krabbe sidan 2004

Kvart år tar HI prøver av brosme og krabbe frå vrakstaden på vegner av Kystverket, for å sjå om noko av kvikksølvet har gått inn i næringskjeda. No er fisk og krabbe fanga i 2018 ferdig analysert, og resultata publiserte.

Forskarane fann ingen skilnad på kvikksølvinnhald i brosme frå vrakstaden og kysten elles.

Kvikksølvet i brosma er ikkje frå ubåten

– Tre av 25 brosmer inneheldt kvikksølv over EU sin grenseverdi. Nivåa er ikkje uvanleg høge og skuldast truleg at brosmene var store, og dermed eldre individ, seier Frantzen.

Kvikksølv hopar seg nemleg opp i organismar over tid (sjå faktaboks).

– Kvikksølvet vi finn i brosmene er ikkje frå vraket, men stammar frå den generelle kvikksølvforureininga langs kysten, legg ho til.

Det kan forskarane seie på bakgrunn av avanserte metodar for å sjekke kvikksølv sitt «fingeravtrykk». (LES OGSÅ: Kvikksølv i Fedje-fisken stammar ikkje frå ubåtvraket)

Spor av ubåt i krabbe-innmat

21 krabbar frå vrakstaden blei også undersøkt.

– I innmaten finn vi høgare kvikksølvnivå enn i krabbe frå andre stader. Dette er mest sannsynleg såkalla metallisk kvikksølv frå havbotnen rundt ubåtvraket, fortel Frantzen.

– Det er ikkje farlege nivå, men noko høgare enn tidlegare. Det viser at vi må halde fram overvakinga for å fange opp endringar og utelukke tilfeldig variasjon.

Vil følge med framover

Metallisk kvikksølv er mindre farleg for folk og dyr ettersom det går ut i «andre enden». Forskarane er derfor meir uroa over det som heiter metylkvikksølv.

I klørne hadde krabbane også høgare nivå av metylkvikksølv enn tidlegare, men ikkje over grenseverdien. Som i brosmene var dette truleg også eit resultat av den «vanlege» forureininga langs kysten, og ikkje frå ubåten.

Referanse

Sylvia Frantzen, Amund Måge og Monica Sanden. (2019). Kvikksølv i sjømat ved U-864 – Resultater fra overvåkning i 2018. Rapport fra havforskningen