Førdefjorden: Sjekka fisken før gruvedeponi

HI-035416.jpg

Utsikt vestover fra Engebøfjellet i Førdefjorden, mot bygda Vevring.

Fotograf: Jan Helge Fosså / Havforskningsinstituttet

Havforskarane fann normale nivå av framandstoff i fisk og skaldyr frå Førdefjorden.

– Prøvane har vi tatt for å ha bakgrunnsdata i tilfelle Førdefjorden blir brukt til gruvedeponi, seier forskar Tanja Kögel.

Resultata er samla inn på vegner av Mattilsynet og publiserte i ein ny rapport.

Som andre fjord- og kystområde

Forskarane testa brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel. Dei ulike artane samlar typisk opp litt ulike stoff.

– Stort sett er nivåa av framandstoff låge eller på linje med kystområda generelt, seier Tanja Kögel.

Ingen av dei undersøkte dyra inneheldt bly eller kadmium over EU sin fastsette grenseverdi for sjømat.

Nokre brosmer hadde for mykje kvikksølv i filetane

I levra frå brosme og torsk fann forskarane dioksin, furaner, dioksinliknande PCB og PCB6 over grenseverdien.

Mattilsynet har ei generell åtvaring mot å ete fiskelever av sjølvfanga fisk frå kysten.

I filetane hadde 21 av 59 brosmer kvikksølv over grenseverdien. Det er ikkje unormalt for arten.

– Nivåa varierer noko frå individ til individ. I snitt var verdiane som det vi kan vente i andre kystområde, seier Kögel.

Rår frå å ete brunmat

Mattilsynet rår også kvinner i fruktbar alder og barn frå å ete brunmat i krabbe (altså innmaten) på generell grunn. Det er fordi den ofte inneheld mykje kadmium.

I Førdefjorden testa forskarane 81 sjøkreps. I brunmaten fann dei ein del kadmium og andre framandstoff, men det er ingen grenseverdi for desse i brunmat. 

I halekjøtet var nivåa innafor.

Sjøkrepsen grev seg ned i mudderbotnen, her på 373 meters djup i Førdefjorden (arkivfoto).

Mykje er menneskeskapt

– Kor stammar miljøgiftene langs kysten frå?

– Mange av dei, som tungmetall, arsen, dioksin og PCB, kjem frå industrien gjennom tidene. Sprøytemiddel kjem frå jordbruk. Tungmetall kan også stamme frå naturlege kjelder som vulkansk aktivitet. På Island kan du sjå dette, forklarer forskaren.

– Det ser ikkje ut til å vere spesifikke kjelder til lokal forureining i Førdefjorden, og den er derfor «berre» ramma av den generelle forureininga i sjøen.

Har godt samanlikningsgrunnlag

Blåskjel er ein mykje brukt indikator for å seie noko om miljøtilstanden i ein fjord. Forskarane undersøkte derfor skjel på fem stader i Førdefjorden.

– Mengdene av arsen, sølv, bly, kadmium, kopar, krom, kvikksølv, nikkel og sink i skjela fortel om ein fjord som er ubetydeleg til lite forureina, seier Tanja Kögel.

– Resultata gir oss eit grundig utgangspunkt for å følge opp fjorden etter eit eventuelt gruvedeponi, avsluttar ho.

Referanse

Tanja Kögel. "Førdefjorden: Basisundersøkelse av fremmedstoff i sjømat" Rapport fra Havforskningen (2019)

Prøvestasjonar i Førdefjorden

Illustrasjon frå rapporten: l=sjøkreps, m=blåskjel, stasjonnummer, Cod=torsk og cusk=brosme