Foreslår kvotekutt på 25 prosent for lysing

HI-004701.jpg
Lysing blir opp til 140 cm og en levetid på 12 år. Hovedføden består av fisk, reker og krill. 
Fotograf: Øystein Paulsen / Havforskningsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at kvoten for den nordlege bestanden av lysing blir redusert med vel 25 prosent i høve til årets kvote.

 

– I år kan fiskarane ta vel 140 000 tonn, medan kvoterådet for 2020 er 104 763 tonn, seier havforskar Bjarte Bogstad. Han er også norsk medlem i ICES sin rådgivingskomité (ACOM).

– Frå 2006 til 2016 auka gytebestanden kraftig, medan den har gått litt ned dei siste tre åra, og rekrutteringa til bestanden varierer ganske sterkt frå år til år, fortel Bogstad.

Lysing blir først og fremst fiska i EU-sona.