Gå til hovedinnhold

Kjempehandel til matvareanalyse


IMG 4733 2

Edel Erdal har handla inn fleire hundre matvarer som skal analyserast for salt og andre næringsstoff.

Fotograf: Torhild Dahl

Havforskingsinstituttet sine folk har i haust tråla matvarebutikkane på jakt etter 600 bestemte matvarer. Alt frå knekkebrød til fiskegrateng og pesto skal analyserast slik at forbrukarane veit nøyaktig kva som er i maten.

– Det er som regel ei merkeleg handlevogn. Ein dag handlar vi for eksempel berre kjøtprodukt som pølser, karbonadar og ulike kjøtdeigar. Det er ikkje så rart at det ein gong var ein butikkeigar som ville vite om det var noko gale med kaffien han selde, for vi hadde kjøpt så mange ulike posar og alt saman kryssa vi av på ei liste.

Det fortel Lisbeth Dahl, forskar på matsikkerheit og ernæring ved Havforskingsinstituttet.

Kul på handlevogna

Det har blitt tallause turar for Edel Erdal og kollegaene hennar til ulike butikkar for å få tak i tre utgåver av kvar av dei 200 matvarene frå tre ulike produksjonsnummer. (Foto: Torhild Dahl/ Havforskningsinstituttet)

Havforskingsinstituttet får med jamne mellomrom i oppdrag frå Mattilsynet og Helsedirektoratet å analysere ulike matvarer, og då ikkje berre fiskeprodukt. Denne gongen har Helsedirektoratet gitt Havforskingsinstituttet oppgåva å analysere 200 ulike matvarer med tanke på saltinnhald. Kvart produkt skal handlast inn i tre eksemplar frå tre ulike produksjonsnummer, så til saman blir det 600 varer.

– Det blir mykje handling og leiting. Vi har faktisk brukt 2-3 månader på å finne alt. Det er i grunnen ganske uvanleg å finne varer frå tre ulike parti i ein og same butikk, så då må vi leite rundt, seier Dahl.

Mattilsynet har valt ut 25 av produkta som skal analyserast for meir enn salt. Desse får ei full analyse av innhaldet av vitamin, mineral, feitt, karbohydrat og protein, og i tillegg blir dei undersøkte for framandstoffa arsen, bly, kvikksølv og kadmium. Resultata skal etter kvart inn i Matvaretabellen.

Pesto er eit av dei mange produkta som har blitt analyserte for næringsstoff. Også knekkebrød, fiskekaker, kjøtdeig og mange andre alminnelege matvarer ligg under lupa. (Foto: Anders Jakobsen/ Havforskningsinstituttet)

Havforskingsinstituttet gjer i tillegg analysar på dei 36 fiskeprodukta i handlevogna. Desse blir analyserte for dei typiske næringsstoffa i fisk, slik som feittsyrer, protein, jod, selen og vitamin D.

– Vi samanliknar det som er merka på matvarene med det vi faktisk finn i produktet. Vi leverer resultatet til Mattilsynet som igjen handterer det vi finn, fortel Dahl.

Lykke over frysedisken

Helsedirektoratet har valt ut produkt frå mange ulike matvaregrupper, slik som kornvarer, fiskevarer, kjøtvarer og meieriprodukt. Det meste er typiske varer som mange brukar. Dei tre utgåvene av same matvare blir blanda saman til ei prøve før forskarane analyserer innhaldet. Målet er å få ei prøve som er representativ for det som er i handel. Mange matvarer er veldig standardiserte, men det kan vere variasjonar etter sesong, årstid og art.

– Saltinnhaldet bør jo vere likt eller gå ned over tid, for det er jo tilsett i produktet, og det er eit folkehelsemål at befolkninga skal få i seg mindre salt. Når det gjeld eit næringsstoff som jod, så kan det vere kjempestor variasjon. Det kan vere lik mengde torsk i produktet, men det naturlege innhaldet av jod i torsken veit vi at varierer, seier Dahl.

Dahl og kollegaene hennar har funne fram til dei fleste av dei 600 matvarene som skal analyserast, men dei er framleis ikkje heilt i mål.

– I går fann eg nokre fiskepinnar frå tre ulike batchar i ein og same frysedisk. Det er sjeldan slik og eg vart rett og slett lykkeleg, ler ho.