Gå til hovedinnhold

Framtidas mat ligg nærmare enn du trur


Blåskjell UWPHOTO 2009 (38)

Skjel et partiklar frå rett frå sjøvatnet. Dei er heilt nedst på næringskjeda og dermed noko av det mest berekraftige vi kan ete.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Kronikk i Fiskeribladet 30. januar: I fjorddjupet ligg det store mengder ubrukt næring. Med enkle grep kan dei gjerast om til eit berekraftig festmåltid.

Planteplankton er heilt på botnen i næringskjeda og den største energiressursen i økosystemet. Men som med gras kan ikkje menneska ete desse bitte små plantane.

Eitt steg opp frå planktonet finn vi skjel og andre såkalla lågtrofiske artar. Skjela står i ro og tar til seg næring rett frå sjøvatnet. Dei treng verken fôr eller medisinar, for det er straumen som matar dei.

Forskarane er einige om at det er dei lågtrofiske artane som er framtidas mat. Anten direkte eller som dyrefôr.

Forsøk på å oppskalere skjeldyrkinga langs kysten var ei kostbar erfaring for mange på 1990- og 2000-talet. Kor mange skjel kvar fjord kan fø, var kunnskap som mangla.

Dei siste tiåra har det vore ei stor utvikling av kunnskap om grunnlaget for å produsere skjel. I dag har vi nye modellar for straum og transport av næringsstoffa som skjela treng.

I tillegg kan vi med enkle grep hjelpe fjorden å mate skjel og andre lågtrofiske artar. Dette har vi demonstrert i Norges største fjordlaboratorium, Lysefjorden.

Der sola aldri skin, kan heller ikkje planteplanktonet vekse og bli mat for skjela. I det mørke djupet i norske terskelfjordar blir derfor store mengder næringsstoff liggande ubrukt.

I Lysefjorden har vi ført ferskvatn frå eit av kraftverka ned på 30 meters djup. Ferskvatnet tar med seg det næringsrike djupvatnet opp i lyset, og planteplanktonet kan vekse. Eksperimentet snudde om på vatnet i den fire mil lange fjorden, på same måte som bonden gjer med åkeren. 

Eit langt røyr var alt som skulle til for å tredoble mengda planteplankton i store delar av Lysefjorden. Dette gjorde vi for å vise at vi enkelt kan auke matproduksjonen i eigna fjordsystem.

Er det å tukle med naturen? Fordi vi har høgt forbruk av elektrisk straum om vinteren, lagrar vi smeltevatn og regn i vasskraftmagasin i sommarhalvåret. Vi hindrar dermed vatnet frå å renne ut i fjorden når planteplanktonet kan bruke næringa det tar med seg, i vekstsesongen.

Ei styrt oppstrauming av næringsrikt djupvatn kan vi dermed sjå på som ei tilbakeføring til meir naturlege forhold.

Den stadig veksande befolkninga vil nødvendigvis påverke naturen. Vi treng smarte, kunnskapsbaserte løysingar for å minimere fotavtrykket vårt. Éi slik løysing er å hente maten nedst i næringskjeda, kanskje også nedst i fjorden.

Oppstraumingsanlegget blei transportert inn i Lysefjorden i 2011, og testa i åra etter.