Gå til hovedinnhold

Sjekka import-sjømat for uønskte stoff


Fisk i fiskebutikk helgeskodvin

Norge er forpliktet til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området fra land utenfor dette området.

Fotograf: Helge Skodvin / Havforskningsinstituttet

I 122 stikkprøver av importert sjømat fann havforskarane eit par overskridingar av EU sine grenseverdiar.

Undersøkinga er ei årleg overvaking på vegner av Mattilsynet. Havforskarane ser etter utvalde kjemiske stoff, parasittar og bakteriar folk kan bli sjuke av.

– Vi fann Vibrio-bakteriar i to prøver av scampi. Men ved nærmare analyse, viste det seg å vere ein av dei mange harmlause variantane, fortel forskar Martin Wiech.

Fann bakteriar i norsk sild frå Egypt

Forskarane fann også såkalla H2S-produserande bakteriar. Dei er ikkje ein helsefare i seg sjølv, men seier noko om kvaliteten i sjømaten. Dette gjaldt prøver av tunfisk og yellowtail frå Stillehavet og østers frå Canada.

Det er ikkje fastsette grenseverdiar for desse bakteriane.

– Vi gjorde eitt funn av Listeria-bakteriar i norsk sild som var eksportert til Egypt, men sendt tilbake igjen til Norge grunna plassmangel i lokale fryselager, fortel forskaren. 

Kveisen var daud

Vidare fann dei rundormen kveis i 9 av 40 undersøkte prøver, mest i torsk frå Russland. Fisken var fryst, og parasittane daude. Frossen eller varmebehandla kveis er ikkje rekna som farleg for folk.

– Kveis er også vanleg i norsk, villfanga fisk, minner Wiech om.

Tre prøver hadde for mykje tungmetall

I 89 prøver såg forskarane etter tungmetall. I høvesvis éin prøve kvar fann dei kadmium, bly og kvikksølv over EU sin grenseverdi.

– Det gjeld ein prøve av hermetisert sardin, av tunfiskfilet og av små krabbar, alle frå Asia, seier Wiech.

– Når det gjeld legemiddel, fann vi ingen restar av ulovlege stoff, avsluttar han.