Mange hav-arrangement i Arendal

31546769577_2dcff5d271_k.jpg

I år er det meir enn 1200 arrangement under Arendalsuka. Som det høver seg i ein kystby, står hav høgt på agendaen.

Fotograf: Arendalsuka

Dei som interesserer seg for havet får det travelt under Arendalsuka. Blant anna blir det store utdannings- og forskingssamarbeidet om Oslofjorden og Skagerrak sparka i gang.

Det skjer på Langbrygga på morgonen onsdag 14. august. Ein bukett av sentral forskingsinstitusjonar presenterer samarbeidet om å sikra det biologiske mangfaldet og miljøet i Oslofjorden–Skagerrak:

Kickoff for regionalt forsknings- og utdanningssamarbeid om Oslofjord og Skagerrak

Oslofjorden–Skagerrak og nordområdebuffet

Dette viktige havområdet er tema alt på Arendalsukas første dag, måndag 12. august. Havforskar Even Moland, som leiar prosjektet "Krafttak for kysttorsken" deltar her:

Har fritids- og yrkesfiske i Oslofjorden og på Skagerrakkysten noen framtid?

Tysdag 13. august er det sett av ein heil dag til nordområda, og på denne buffeen byr Havforskingsinstituttet på debatten «Problemet havplast – en behagelig distraksjon?» saman med blant andre Senter for hav og Arktis og GRID-Arendal. Program for dagen er å finna her:

Nordområdebufffet på Café Nr 9

Internasjonal og nasjonal havprat

Havforskningsdirektør Sissel Rogne er i godt selskap når temaet er Hav for utvikling tirsdag morgon. Sammen med statsminister Erna Solberg og Peter Thomson, FNs spesialutsending for hav, skal ho samtala om kva havet betyr for å nå klima- og berekraftsmåla, og korleis havagendaen kan koblast med utviklingsagendaen. Norad-direktør Jon Lomøy og Krf-leder Kjell Ingolf Ropstad deltar også.

Frokostseminar: Hav for utvikling

Same morgon blir det meir havprat i kulturhuset. Då er spørsmålet om havet toler den belastninga vi utset det for. Det skal mellom andre havforskningsdirektør Sissel Rogne, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, UiT-rektor Anne Husebækk og styreleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge forsøka å svara på. 

Bærekraft & Business – tåler havet den belastningen vi nå utsetter det for?