HI-036694.jpg

Leppefiskane, særleg bergnebb, grønngylt og berggylt, vert brukt til å fjerne lakselus frå laks i oppdrett. Foto: Erling Svensen

Undersøker trøndersk leppefisk

For andre år på rad har forskarar frå Havforskingsinstituttet tatt prøvar av leppefisk utanfor Flatanger og Smøla i Trøndelag. Målet er å undersøke genane til dei fargerike fiskane – og å sjekke om dei er berarar av virus eller bakteriar.

Leppefisk vert brukt som rensefisk i oppdrettsanlegg; dei et lus av oppdrettsfisken. I mange område er det for lite leppefisk til å dekke etterspurnaden, derfor blir dei importert frå andre stadar. Men dersom dei klarar å rømme frå jobben som luseetarar, kan dei pare seg med villfisk. Dermed kan dei påverke genane til lokale bestandar. I tillegg kan rømt leppefisk vere berarar av ulike virus og bakteriar.

Det er fleire artar av leppefisk, spesielt bergnebb og grøngylt vert brukt i oppdrettsanlegga.

Veit at lokale bestandar har fått endra genar

Ein del av leppefisken rømmer frå anlegga og klarar seg heilt fint i det nye området. Tidlegare har det blitt påvist at den rømte leppefisken har fått avkom saman med lokal fisk, dermed har genane blitt påverka. No ser forskarane nærare på kva som skjer.

– Trøndelag er eit av dei største oppdrettsområda i Noreg, men det er ikkje nok lokal leppefisk her til å dekke næringa sitt behov. Derfor vert det henta mykje leppefisk frå andre delar av landet og frå Sverige, seier forskar Eeva Janson.

Totalt er det henta prøvar frå ti område ved Flatanger og Smøla i løpet av sommaren og hausten. To av områda ligg utaskjers der det ikkje er oppdrett, medan dei åtte andre områda har mykje oppdrett.

  • _MG_1036.JPG

    I "laboratoriet" på Smøla rigga vi oss til på eit fjøskjøkken. 

  • _MG_1038.JPG

    Fisken vart bedøvd før den vart avliva og fotografert. Deretter vart den målt og vegd før det vart tatt prøver til DNA- og sjukdomsanalyse frå gjelle, hjerte, lever, nyre og hjerne. I tillegg vart dei små øyresteinane (otolittane) plukka ut for aldersanalyse.

  • _MG_1045.JPG

    Prøvar til genetikk. 

  • Beautiful eyes.JPG

    Flott grønngylt med "regnbogeauge".

  • DSC_2190.JPG

    På Smøla hadde vi base på ein liten gard, der sauer, grisar, høns og kattar ynskja oss velkomne kvar morgon. 

Genane kan vise kvar fisken kjem frå

Ved hjelp av dei genetiske studiane kan vi få svar på korleis dei ville populasjonane av leppefisk er strukturert og kva faktorar som påverkar dette. Tidlegare resultat viser at genane til bergnebb endrar seg gradvis med aukande geografisk avstand. Hos grøngylt er det tydelege forskjellar mellom sørlege og nordlege område.

IMG_6152ED.jpg

Øyresteinane frå grøngylt er ikkje større enn 1-2 mm. Undersøkingar av dei fortel kor gamal fisken er.

Flytting av levande dyr kan medføre nye sjukdomar

– Det er alltid ein risiko for at levande fisk og andre dyr tek med seg smitte når dei blir frakta til nye område. Overføring av smitte og sjukdom vert difor sett på som ein mogeleg trussel mot både dei lokale bestandane av leppefisk og mot oppdrettsfisk, seier Nina Sandlund som forskar på virus og bakteriar.

Ho legg vekt på at dei ikkje har funne nokon sjuke fiskar, men at fisk kan ha enkelte virus og bakteriar i kroppen utan å verte sjuke på same måte som til dømes menneske. I slike tilfelle kan nye typar av virus og bakteriar bli overført til den lokale bestanden. Om dei ikkje var der frå før, betyr det at smittestoffa er spreidd til eit nytt område.   

At forskarane tek prøvar av genane av dei same fiskane som vert undersøkt for virus og bakteriar, gir dei ein unik sjanse til å sjå om det er ulike variantar av smittestoff i forskjellige geografiske område.

HI-035065.jpg
 
Det er fleire artar av leppefisk, spesielt bergnebb
og grøngylt vert brukt i oppdrettsanlegga.

Foto: Tonje Knutsen Sørdalen, Kim Halvorsen / Havforskningsinstituttet 

 

 

Kontakt

Glover, Kevin

Forskningssjef
48040035