Skal forstyrre torsken midt i akta

HI-000599.JPG

Seismikk kan vere farleg for fisk nær lydkjelda. Men korleis påverkar bråket åtferda til fisk langt unna?

Fotograf: Espen Bierud / Havforskningsinstituttet

– I år ser vi korleis torsken beveger seg naturleg på gytefeltet. Neste år skyter vi seismikk for å sjå om frykta blir større enn kjønnsdrifta.

Det seier havforskar Lise Doksæter Sivle. Over tre år skal ho og kollegaane no finne ut korleis gytande torsk blir påverka av dei seismiske undersøkingane brukt til oljeleiting.

Torsken er ein viktig art i norsk økonomi, kultur og i økosystemet. Den er også ein av våre mest vokale fiskar.

– I gytesesongen blir den spesielt høglytt. Her snakkar vi korsang frå hannane følgt opp av lågfrekvent nynning og dansing som parringsritual, seier Sivle.

Menneska bråkar meir og meir

Forståinga vår for kor viktig lyd er for fisk aukar, men det same gjer menneskeskapt støy i havet.

– Verken havet eller dyra der er altså så stille dei kan bli framstilt. Fisk brukar høyrsle til å oppdage rovdyr eller finne vegen heim. Fisk synger, trommar, bankar og klikkar til kvarandre, fortel Doksæter.

Samtidig lagar menneska støy med båttrafikk, oljeleiting, konstruksjonar under vatn, vindkraft til havs og militære sonarar. Sidan 50-talet har støyen i havet dobla seg kvart tiår i enkelte område.

Vi veit frå før at kraftig lyd kan få alvorlege, fysiologiske konsekvensar for fisk som er heilt nær kjelda.

Kan det vere «turn off»?

– Det vi veit mindre om, er korleis lyd påverkar åtferda til fisk lengre unna. Kan bråket få fisken til å halde seg unna beite eller gyteområde? Kan det overdøyve hannen sine parringsrop slik at hoa blir svømmande rådvill og aleine? spør forskaren.

Dette skal havforskarane no finne ut av ved å overvake torsk på gytefelt i Austevoll. Dei merker torsken med sendarar og set ut eit nettverk av mottakarar.

– I år loggar vi torsken sine naturlege rørsler. Neste år skal vi begynne å bråke, seier ho.

– Då ser vi om torsken forlèt gyteplassen. Anten fullstendig eller til fordel for stillare, nærliggande område som vi også overvaker.

Lågare enn ekte vare

– Korleis vurderer de det etiske ved å forstyrre torskegytinga bevisst?

– Vi brukar ei nedskalert lydkjelde som ikkje skadar torsken fysisk, og i ein mykje kortare periode enn ved ei ekte seismisk undersøking. Når sluttmålet er å verne torsken mot moglege effektar av støy, veg det opp for den eventuelle effekten forsøket måtte ha.

Om fisken blir verande på gyteområdet, kan bråket likevel tenkast å påverke utfallet av leiken.

– Risikerer dårleg partnar

– Viss ho ikkje høyrer han godt nok, kan ho risikere å ende opp med ein mindre eigna partnar. Støyen kan også påverke samspelet i akta, som er nøye koordinert av lyd. Kanskje vil færre egg treffe sperma til hannen, forklarar Sivle.

For å observere dei aller minste detaljane i ei tilsynelatande vellykka formeiring, har forskarane også torsk i merd. Ei gruppe utsett for støy og ei utan blir overvaka med video, ekkolodd og lydopptak 24 timar i døgnet. Egga blir i tillegg analysert på laben.

– Når prosjektet er over håpar vi å kunne svare på korleis seismikk påverkar torsken sine sosiale signal og kanskje også bestanden, avsluttar ho.

Havforskere Daniel Nyquist, Ørjan Karlsen og Espen Moland Olsen har no sett ut lyttebøyer rundt gytefelt i Austevoll.