Gå til hovedinnhold

Tareskogen i nord treng lengre pause etter tråling


HI 037313

På tarestilkane lever det raudalgar, mosdyr, nesledyr, svamp og mange andre organismar som til saman skaper eit heilt taresamfunn. Taresamfunna er viktige skjulområde for småfisk og krepsdyr som igjen er mat for større fisk.

Fotograf: Jonas Thormar

Fire års pause før ny taretråling er ikkje nok for tareskogen i Nordland. Det viktige plante- og dyrelivet i tareskogen rekk ikkje å etablere seg i løpet av den vanlege pausen mellom kvar hausting. Tareskogen er truleg eit viktig oppvekst- og næringsområde for mange fiskeartar. 

– Det vi ser er at tareskogen med heile sitt samfunn av organismar ikkje kjem heilt tilbake til slik som han var før hausting. Det er vanleg med fire års kvileperiode i andre fylker, men viss taresamfunna skal etablere seg igjen fullstendig før ny hausting, er ikkje fire år lang nok kvileperiode i Nordland.

Det seier forskar ved Havforskningsinstituttet, Henning Steen.

Færre algar og dyr i tareskogen

Forskarane har dei siste fire åra følgt med når tarenæringa har prøvehausta stortare i dei sørlege delane av Nordland. Forskarane har både overvaka korleis sjølve taren har vakse opp att, og korleis livet i tareskogen har kome tilbake.

Stortare blir i dag hausta kommersielt langs Norskekysten opp til nord i Trøndelag, og regelverket seier at det skal gå fem år mellom kvar hausting slik at taren får ei pause på fire år. Dette er ikkje nok dersom ein skal starte med taretråling også i Nordland, for taresamfunna rekk ikkje å kome heilt tilbake før ny hausting. Etter tråling av stortare kjem sjølve taremassen relativt raskt tilbake og blir like stor og tett som han var før trålinga, men mangfaldet av algar og dyr på og mellom tarestilkane brukar lenger tid på å kome tilbake, viser forskinga.

Tareskogane skaper eit tredimensjonalt miljø som truleg er eit viktig oppvekst- og næringsområde for mange fiskeartar. På tarestilkane lever det raudalgar, mosdyr, nesledyr, svamp og mange andre organismar som til saman skaper eit heilt taresamfunn. Taresamfunna er viktige skjulområde for småfisk og krepsdyr som igjen er mat for større fisk.

– Vi ser klare skilnader mellom tareurskogen og dei områda det er tråla i, også etter fire års kvilepause.

Vi ser at sjølve stilkane er yngre, og at det veks mykje mindre på stilkane. Dei små tareplantene som veks i undervegetasjonen er også viktige, og fire år etter hausting er desse mindre tette enn før haustinga. Ein yngre tareskog har mange av dei same artane, men i mindre mengder enn i ein urskog som ikkje er hausta før, forklarer Steen.

Verdifulle ressursar og økosystem

Tidlegare var mykje av taren i Nord-Norge beita ned av grøne kråkebollar, men i dei nye prøvehaustingsområda ser ein no lite til denne arten.

–At tareskogen har kome tilbake og dei grøne kråkebollane er på retrett i denne regionen representerer store ressursar og økosystemverdiar. Dette er ei svært gledeleg utvikling som gir nye muligheiter. Samtidig kan desse nye tareskogane vere spesielt sårbare, og dei bør forvaltast meir varsamt enn robuste tareskogar lengre sør, seier Steen.

Forskarane er likevel bekymra for auken av raude kråkebollar i enkelte av områda som er undersøkte. Dei raude kråkebollane beitar mest på algar som veks på tarestilkane, og dei beitar også på små tareplanter i undervegetasjonen. Forskarane fryktar difor at tareskogen blir mindre robust viss ein trålar i eit område med mykje kråkebolle.

– Viss tråling fører til dårlegare habitat for dei organismane som et kråkebolle, så kan det føre til enda meir kråkebolle. Dette vil gi dårlegare veksevilkår for taren og taresamfunnet.

Oppvekstvilkår for fisk og skaldyr

I Nordland har forskarane fått høve til å studere tareskogen allereie før den første haustinga, og dei har difor fått eit svært godt bilete av kva hausting gjer med taresamfunnet.

– Ofte manglar vi før-data i undersøkingsområda, men her hadde vi faktisk urskog som startpunkt. Det er veldig verdifullt å ha data på korleis det var før den første haustinga.

Forskarane undersøkjer også kva følgjer tarehausting har for fisk og skaldyr både i Nordland og nord i Trøndelag, og arbeidet med dette vil halde fram i 2018.

Les rapporten her