Får merke 20 makrellstørjer på vestlandskysten

størje.jpg

Størjesafari: Havforskar Keno Ferter hamna midt i ein stim jagande makrellstørjer i Øygarden. (Foto: Martin Wiech)

– Heile det blå området på globusen er tilgjengeleg for formel-1-fisken. Gjennom dette historiske prosjektet vil vi få ny informasjon om størja si vandring, seier havforskar Leif Nøttestad.

Havforskingsinstituttet har fått klarsignal og støtte frå den Atlantiske tunfiskkommisjonen (ICCAT) til å merke 20 makrellstørjer i norske farvatn i 2018. Prosjektet vil gå føre seg på vestlandskysten seinsommars, når stimar av svoltne makrellstørjer beiter langs kysten vår.

Makrellstørja gjer comeback

– Et han makrell i overflata, eller blekksprut på store djup? Dreg han til Karibia, Middelhavet eller Afrikas kyst? Finn fram globusen, for heile det blå området er tilgjengeleg for formel-1-fisken. Vi veit forsvinnande lite om dei på individnivå, fortel størjeforskar og -entusiast Leif Nøttestad.

Verdas største tunfisk er no tilbake på årleg sommarbeite i Norge. Det etter lang tid med fråvær som følge av internasjonalt overfiske. Størjebestanden betra seg kraftig etter at forvaltninga i ICCAT tok tøffe grep for ti år sidan. (Les også: Makrellstørja gjør comeback med stil)

Merkinga vil ikkje gjere innhogg i fiskekvoten, ettersom målet er å sette ut att storfiskane i fin form med ein elektronisk pop-up-tag. Den loggar størja si vandring på kartet og dykking i vannsøyla.

Må fiskast på stong

Viss dei merkte fiskane ikkje blir gjenfanga seinare, skal merket sleppe taket etter eit års tid, flyte opp og «ringe heim» via satellitt.

Havforskar Keno Ferter er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av prosjektet. Detaljane er ikkje spikra endå. Men ein ting er sikkert:

– Den mest skånsame og effektive metoden for å fange enkeltstørjer på opptil 370 kilo, er å fiske dei med stong, fortel han.

(Video: Martin Wiech)

Vil ha tak i proft mannskap

Og mange ber på nettopp den draumen, for det er ikkje opent for stongfiske etter makrellstørje i Norge. Forskarane trur derfor nok av dyktige stongfiskarar vil melde seg til teneste for vitskapen. Sjølv skal dei organisere fiskinga og merke fiskane i vatnet.

– Vi reknar med stor interesse rundt ei kommande utlysing. Vi kjem til å stille ei rekke krav til båtar, utstyr og relevant erfaring, seier Ferter.

– Her er det ikkje berre å sleppe nokon på fjorden med sluk. Dette skal gå proft føre seg i HI-regi. Vi har eitt mål, og det er å fiske, merke og sleppe kvar størje så skånsamt som mogleg.

Forsking lønar seg

For 2018 har Norge fått ein større del av den samla kvotekaka for makrellstørje. Den norske kvoten er dobla frå fjoråret til 104 tonn i år. Eitt av argumenta for det, var Norge sitt langvarige forskingsbidrag.

– Ingen andre land har bidratt med like mykje og detaljerte data som Norge. Nesten kvar einaste størje som er fanga i våre farvatn dei siste 70 åra, er tatt mål og prøver av, data levert til ICCAT sin database, seier Leif Nøttestad.

– Og no blir det meir data.