Farskapstesting viser: Størrelsen tel hos hummar

HI-030104.jpg

Forskarane har tatt DNA-prøver av 115 hoer, 1150 befrukta egg og 650 hannar frå reservat og kontrollområde.

Fotograf: Espen Bierud

I område med godt utval vel hummar-hoene sexpartnar med stor kropp og knuseklo med musklar. Men fiskeri kan forstyrre skjønnheitsidealet, viser ny forsking.

Havforskar Tonje Knutsen Sørdalen har samanlikna makevalet til hummar i hummarreservatet i Flødevigen med eit kontrollområde utanfor. Det skil seg.

– Ved hjelp av DNA-prøver av hannar og hoer med befrukta egg, kan vi finne ut kven av hannhumrane som har blitt far, forklarer Sørdalen.

I reservatet er det størrelsen som tel

I reservatet er det forbode å fiske hummar. Dermed er det fleire og større hannar der enn i området med fiske. Minstemålet for hummar er 25 centimeter. Det er den større hummaren som er mest utsett for fiskepress.

– I begge områda vel hoene ein partnar som er større enn seg sjølv. Men skilnaden i størrelse mellom han og ho er langt større i reservatet, seier Sørdalen.

– Vi ser også at forholdet mellom kroppsstørrelse og klostørrelse hos hannane kan knytast til eit travelt hummarsexliv. Det er ein fordel å ha store klør i kamp, og det kan verke tiltrekkande på hoene, fortset ho.

Blir likegyldige når det er langt mellom karane

Hos hummar er det nemleg damene som er på sjekkaren, mens karane slåst og viser seg fram.

– I området utanfor reservatet, ser det ikkje ut til at hoene bryr seg om størrelse. Dei flokkar seg ikkje rundt dei få store hannane, slik du kunne vente. Dei sluttar rett og slett å bry seg, seier Sørdalen.

Ho trur forklaringa kan vere at sidan det er langt mellom humrane utanfor reservatet, slit hoene med å danne seg ei formeining om kva som er tiltrekkande. At dei er mindre kresne, kan få langsiktige konsekvensar.

Kan gjere hummaren mindre på sikt

– Når hannane ikkje lenger dreg fordel av å vere store, kan det føre til at humrane over tid blir mindre. I studien viser vi for første gong med data at fiskeaktivitet kan påverke seksuell seleksjon, avsluttar ho.

I førre fiskesesong blei det også innført maksimalmål på 32 centimeter for hummar i Skagerrak, etter tilråding frå Havforskingsinstituttet. 

Den nye studien er publisert i tidsskriftet Evolutionary Applications: onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/eva.12611/full