Forskaren forklarer: Dette er dei norske torskane

toskjen.jpg

Torsken kjem i mange fargar og fasongar. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange genetiske torskebestandar vi har.

Fotograf: Martin Wiech/Erlend Lorentzen/Gunnar Sætra

– Korleis kan det stå dårleg til med kysttorsken, når fiskarane i Nord-Norge får masse torsk? Havforskar Sigurd Heiberg Espeland forklarer.

Spørsmålet er noko fleire landkrabbar har stilt oss. Svaret er tilsynelatande enkelt, men så blir det likevel litt vanskeleg.

– Skreien er grei. Den er arktisk torsk som lever i Barentshavet. Han svømmer over store havområde for å spise, og til Lofoten for å gyte. Egga flyt med straumen tilbake til Barentshavet. Det er skrei fiskarane i nord siktar seg inn mot, forklarer Espeland.

Skreibestanden er godt forvalta og på historisk høgt nivå. For 2018 meiner forskarane at det er forsvarleg å fiske 712.000 tonn skrei (sjå kvoteråd). Denne torsken er med andre ord ein stor økonomisk ressurs.

Nordsjøtorsk kryssar neppe Norskerenna

Torsken i Nordsjøen kallar vi nordsjøtorsk. Nordsjøtorsken har vore utsett for høgt fiskepress og var på historisk lågt nivå i 2006. Bestanden gjer det betre no, og forskarane meiner det er forsvarleg å fiske 53.058 tonn i 2018.

Nordsjøtorsken er nok likevel sjeldan langs vår kyst.

– Då må han krysse Norskerenna. I dei opne vannmassane er der lite skjul og lite mat. Det er neppe særleg attraktivt. Han blir nok stort sett verande i England og Danmark, fortel Espeland.

Kysttorsken er det verre med

Nokre torskar lever langs kysten, og desse kjem i mange variantar. Også utsjånaden kan skilje seg frå stad til stad.

– Det er vanskeleg å seie kor mange bestandar av kysttorsk vi har. Truleg går det ikkje an å gi eit tal fordi grensene er flytande, seier Espeland.

– Vi kan begynne med såkalla banketorsk som beveger seg langs kysten i Nord-Norge og på Vestlandet. Den gyter på fiskebankane som for eksempel Siragrunnen.

– Den typiske kysttorsken lever og gyter ved kysten. Han tar farge etter omgjevnadane. Den såkalla taretorsken er for eksempel raud fordi han bur i taren.

Merka kysttorsk (Foto: Espen Bierud / Havforskningsinstituttet)

Dorsk fjordtorsk held seg rundt same stein

– Så har du den introverte fjordtorsken. Ein typisk fjordtorsk beveger seg mindre enn éi nautisk mil i løpet av livet. Merkar vi ein slik på austsida av Terneholmen, så fangar vi han igjen på austsida av Terneholmen.

Sidan fjordtorsken beveger seg så lite, vil det oppstå lokale bestandar inne i ulike fjordar. Egga blir verande i same fjord. Etter mange generasjonar vil denne fisken vere spesialtilpassa dei lokale forholda.

Får neppe teikne livsforsikring

– Det står dårleg til med kysttorsken generelt, og fjordtorsken spesielt. I Oslofjorden er det krise for kysttorsken. 75 prosent av den vaksne torsken døyr kvart år. Med slike odds, ville du aldri fått livsforsikring, for å seie det sånn, seier Espeland.

Nettopp fordi fjordtorsken er så stadbunden, får ikkje éin bestand påfyll frå ein annan. Forskarane fryktar at dei lokale tilpassingane kan gå tapt.

Mange grunnar til hardt torskeliv

Ifølge havforskaren er det vanskeleg å peike på ein enkeltgrunn til kysttorsk-kollapsen. Han trekk fram fiske, mudring, rovdyr, utfylling, dumping av vaskevatn, bustadsbygging, avrenning, sprenging og klimaendringar som torskeutfordringar.

– 40 prosent av befolkninga i Norge bur mindre enn tre kvarter frå Skagerrakkysten. Der har menneska stort fotavtrykk. Det finst truleg ingen quick fix for torsken. Vi må tenke på summen av alle enkeltfaktorane.

– Men for å avslutte positivt, såg vi eit lyspunkt i fjorårets årsklasse. Vi er spente på korleis den vil gjere det framover, seier Espeland.

Denne unge fjordtorsken blei målt i Bjørnefjorden 2017. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)


– Forresten glømte vi gregoriustorsk, men den får vi komme tilbake til.

 

Denne saka blei publisert første gong 2. mai 2018.