Delt førsteplass i sildelotteriet

G:\otteraa\2018\sild.jpg

«Magnarson» og «Trygvason» er dei to første fartøya som er trekte ut i det nye sildelotteriet. Dei har levert til saman tre prøvar. «Trygvason» gjorde to store kast, og blei beden om to prøvar.

Etter ein ganske laber start har sildefiske no tatt seg opp, og rundt 20 båtar er i aktivitet på fiskefelta. Åtte av båtane har oppdaterte elektroniske fangstdagbøker, og er dermed med i Havforskingsinstituttets sildelotteri (sjå faktaboks i margen).

Blodfersk sild

Det nye systemet skal syta for betre og meir representative sildeprøvar frå fiskeria. Forskar Håkon Otterå, som er ansvarleg for det nye prøvetakingsprosjektet, fortel at dei har stor tru på at den nærast «blodferske» silda skal gje gode skjelprøvar til alderslesinga og andre analysar.

– Det er tilfredsstillande å sjå at det nye systemet fungerer. Prøvane frå dei to båtane vil bli levert vidare når fangsten blir landa. Utover det er planen vår å «fotfølgja» prøvane og få dei opparbeidd raskt, slik at resultata for aldersfordeling med meir kan publiserast om ikkje altfor lenge, seier han.

Treng leverandørane med

Prosjektet vart sett ut i livet ved årsskiftet, og førebels er det totalt 19 båtar som har oppdaterte fangstdagbøker, og dermed kan vera med i «sildelotteriet».

– Den største bøygen no er å få oppdatert fangstdagbok-programvaren  for heile fiskeflåten. Då kan vi få med alle fartøya i loddtrekkinga og dermed det statistiske utvalet vi treng. Førebels er det berre ein av dei tre dagbokleverandørane som har dette på plass, men vi håpar at dei to andre får dette klart i løpet av nokre veker, seier Håkon Otterå.