Gå til hovedinnhold

Arktiske botndyr angripne frå fleire kantar


DSC 0411

Slangestjerner (Ophiopleura borealis) er vanlege i arktiske område. Slangestjernene på biletet vart fanga på eit økosystemtokt, når dei kom på dekk vart dei sortert, talt og registrert – på same måte som alle dei andre artane som vert undersøkte på dette toktet. Foto: Lis Iindal Jørgensen

Temperaturauke i sjøen gjer at arktiske botndyr i Barentshavet er på flyttefot nordover. I tillegg vert dei same dyra utsett for press både frå botntråling og som mat for snøkrabbe.

– Vi ser tydeleg at dei arktiske botndyra er på flyttefot nordover, og at meir varmekjære artar er på veg inn i områda som tidlegare var dominert av artar som likar kaldare vatn. I fleire år har det vore registrert rekordhøge vasstemperaturar, og desse er noko av grunnen til endringane som vi no ser, fortel Lis Lindal Jørgensen som er forskar ved Havforskingsinstituttet og har studert dyra som lev på og i havbotnen i Barentshavet over mange år.

Ho presiserer at det er heile dyresamfunn, og ikkje er berre enkeltartar som er i endring.

– Eit dyresamfunn består av fleire ulike artar. Kva artar vi finn i eit samfunn er avhengig av kvar i Barentshavet vi er. Langt nord er det hovudsakleg arktiske artar, medan artane i sør er tilpassa varmare vatn. Gjennom undersøkingane vi har gjort, kan vi tydeleg sjå at samfunnet som er dominert av arktiske artar no lever lenger nord enn tidlegare, seier Jørgensen.

Dersom temperaturen i havet stig, kan isdekket nord for Svalbard bli borte. Også dyrelivet på botnen vert påverka av høgare temperatur, og dei arktiske dyra har trekt lenger nord for å kunne leve i den låge temperaturen dei er tilpassa. Foto: Lis Iindal Jørgensen

Snøkrabbe og tråling skapar utfordringar for botndyr

Det er ikkje berre temperaturen som set dei arktiske artane i Barentshavet under press. Både botntråling og invasjonen av snøkrabbe har effekt på dyra som lev på botnen.

– Vi ser at dei litt større dyra som står oppreist frå botnen vert hardt råka av botntrål, når trålutstyret vert dratt bortover botnen vert dyra tatt, brekte ned og skada eller drepne. Samstundes er snøkrabben som et dei mindre dyra som ikkje vert råka av tråling på veg inn i desse områda, seier Jørgensen.

Ein sjøedderkopp (Colossendeis sp) på størrelse med ei stor hand. Den er funnet i kalt arktisk vann. Foto: Lis Iindal Jørgensen

Kjem trålarane etter?

Når grensa for kvar dei arktiske dyra trivast, trekk lenger nord, medfører det at desse dyra lever i eit område der det ikkje har vore botntråling tidlegare på grunn av isforholda.

– Sidan havisen òg trekk lenger nordover, vert desse områda tilgjengelege for fiskefartøy, og dermed kan dyrelivet også her bli påverka av botntrål. Om snøkrabben kjem til å invadere heile det arktiske området er usikkert, men i 2017 observerte vi den nordvest for Svalbard, fortel ho.

Tangloppa Cleippides quadricuspis som vanligvis blir opp til 10 cm lang som voksen, lever også i kalt vann. Foto: Lis Iindal Jørgensen

Vil undersøke effekta på heile økosystemet

– Vi undersøker kva klimaendringane har å seie for økosystemet som heilskap. Fisk som torsk og lodde trekk nordover, og vi har observert opp til 12 blåkval på ein dag i iskanten nord for Svalbard, fortel Jørgensen. Blåkval har tidligere blitt jakta på slik at bestanden har vore svært liten.

– Det er det unike datamaterialet vi får gjennom økosystemtoktet som er eit samarbeid mellom HI og russiske forskarar, som gjer at vi no kan sjå dei store endringane, seier ho.

Økosystemtoktet vert gjennomført årleg ved at fire forskingsskip undersøkjer alle delar av økosystemet samtidig og på same måte. Fisk, botndyr, plante- og dyreplankton, kval, sel og fugl blir registrert saman med forureining og søppel.

– Når endringane i alle delane av økosystemet i Barentshavet blir studerte samtidig, kan vi sjå samanhengar til mellom anna undersøkingane av botndyr. Dermed kan vi fortelje heile, framfor delar av historia, seier Jørgensen.