Albogerom eller pusterom – kva er viktigast for makrellen?

C:\Users\marie\Downloads\HI-000332.jpg

Det er reglar for korleis og når slipping fra not skal skje. Ny kunnskap om åtferda til trengt makrell kan på sikt koma til nytte som eit varsel for når fangsten bør sleppast.

Kva stressar makrellen mest når han blir pressa saman i nota – mangel på oksygen eller trengsla?  

– Makrellen treng personal space – eller olbogerom som vi kallar det på norsk. Han blir langt meir stressa av å stå for tett enn av dårlege oksygentilhøve, seier forskar Nils Olav Handegard frå forskingsgruppe marin økosystemakustikk på Havforskingsinstituttet (HI).

Forsøk i merd

Saman med kollegaer frå forskingsgruppe fangstteknologi og UiB har Nils Olav Handegard funne at makrellstimen skiftar åtferd når det byrjar å bli trongt om plassen. Liknande effekt er ikkje registrert for redusert oksygen.

Makrellforsøka er gjort i merdar på HIs forskingsstasjon på Austevoll. Makrellen blei utsett for såkalla trenging (sjå faktaboks) og låge oksygennivå. Så blei åtferda til makrellen i dei to ulike situasjonane observert og analysert. 

– Vi såg at makrellen toler endring i form av lågare oksygennivå. Effekten på stimen var veldig mykje større då fiskane blei trengde saman, fortel Handegard. 
Observasjon av stimrespons hos makrell. Målingane er gjort med ein multistrålesonar, og predatormodellen er synleg som eit objekt som går gjennom stimen. I dette tilfeller reagerer fisken som normalt, og heile stimen reagerer på modellen.
 

Jakt, flukt og vandring

Ute i naturen har åtferda til stimfisk som makrell og sild ulike funksjonar. Stimen, som stundom ser ut til å oppføra seg som éin organisme, kan brått endra retning eller skyta fart. Det kan skje på jakt etter føde, for å unngå fiendar eller for å halda kursen når dei vandrar. Når ein stim er under angrep frå rovfisk eller andre predatorar er denne dynamikken spesielt kraftig.

Åtferdsendring som varsel 

I forsøksmerden vart eit slik angrep gjenskapt. Forskarane utsette stimen for eit objekt som kunne minna om ein predator. Så lenge det var nok plass i merden oppførte heile stimen seg som forventa ved fare. Då dei fekk mindre plass, klarte dei ikkje å reagera på same måte.

– Dette er eit teikn på at det skjer ei åtferdsendring under trenging – før fisken vert skada. Om vi kunne målt denne endringa under fiskeri, kunne den vore brukt til å setja ei trygg grense for slipping, forklarar Nils Olav Handegard.

Treng observasjonsteknologi

Forsøka er del i eit større prosjekt som skal sikra skånsam slipping (sjå faktaboks) av fisk frå nót. Målet er å finna gode indikasjonar på når det er forsvarleg å sleppa fangsten. Kor lenge kan fiskarane venta før dei må bestemma seg for om dei vil ta fangsten om bord eller ikkje.

– Ei klår åtferdsendring kan vera eit teikn på at fisken ikkje har det bra og at fiskarane derfor ikkje bør drøya med slippinga. Førebels har vi ikkje teknologi som kan måla slike endringar på ein god og effektiv måte, men det er noko vi jobbar vidare med. Det kan bli eit nyttig hjelpemiddel for fiskarane og auka berekrafta i ringnotfiskeria, fortel Handegard.