Mest gamal sild i dei første prøvane

C:\Users\marie\Downloads\HI-038817.jpg

Dei to første sildeprøvane vart tekne om bord på M/S Trygvason. Bjørn Vidar Svendsen er ein av dei som har lese alderen på silda. 

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen

Dei gamle er framleis eldst. Det viser dei to første prøvane frå sildelotteriet. Den 14 år gamle silda er framleis hyppig observert i prøvane – slik denne årsklassen har vore i ei årrekkje.

I midten av januar kom dei første kassane med sildeprøver frå sildelotteriet (sjå faktaboks) til Havforskingsinstituttet. No er to av prøvane opparbeidd, og aldersfordelinga for silda er klar.   

Stort innslag frå 2004

Sild kan i beste fall bli 25 år, men normalt blir det ikkje tatt særleg med sild som er mykje eldre enn 14–15 år i fiskeriet.  

– Vi ser at det er ei blanding av ung og gamal sild i prøvane, men det er stort innslag av 14-åringar. 2004-årsklassen har vore den berande i bestanden i mange år, men også eit par av dei yngre, middels store årsklassane – 2006 og 2009 – er godt representerte. Noko fem og åtte år gamal sild vart også funnen, fortel forskar Erling Kåre Stenevik frå faggruppe pelagisk fisk.

Viktig med god kvalitet

Silda har lett for å mista skjell, og derfor er det er viktig å få teke prøvane tidleg i fangstprosessen og med så lite handtering av silda som råd. Alderslesarane treng minst tre skjel frå kvar sild. Skjela må takast frå same område på silda, og vera runde og jamne slik at det er lett å skilja sonene (årringane) frå kvarandre.

Skjelet  til venstre er frå ein ti-åring. Det er godt å lesa, og ringane kan teljast sikkert. Skjelet til høgre er uleseleg. Forma er ujamn, og årringane flyt i kvarandre. (Arkivfoto: Bjørn Vidar Svendsen)   

Flott innsats frå næringa

– Vi ser at prøvane frå trålfanga sild er av moderat kvalitet – det er stundom vanskeleg å få gode skjelprøvar frå sild som har vore gjennom trålen. Aller best er det med sild som er tatt med nót, seier forskar Håkon Otterå, som har hovudansvaret for den nye prøvetakinga. Han understrekar at næringa gjer ein flott innsats.

–  Dei syter for at vi får representative prøvar som er spreitt utover i tid og geografisk område og frå forskjellige fartøy.         

Årets sildefiske

I fleire år har silda kome inn til fjordane på Kvaløya. Det har resultert i eit stort fiskeri på vinteren. Dette skjedde ikkje i år, fortel Erling Kåre Stenevik.

– Den eldste silda sto lenger ute i havet, medan ein del yngre fisk, i hovudsak 2013-årsklassen, overvintra i Kvænangen. Vinterfisket har dermed vore todelt – med eit fiskeri i Kvænangen og eit i havet vest av Lofoten, seier han.

Utover i januar stoppa fiskeriet i Kvænangen opp, og fisket ute i havet nærma seg kysten. Etter det har fisket flytta seg sørover mot dei tradisjonelle gytefelta på Møre.