45 år med solid marint utviklingssamarbeid

sisseloglomoy.jpg

Havforskingsdirektør Sissel Rogne og Norad-direktør Jon Lomøy møttes i Bergen denne veka.

Fotograf: Anders Jakobsen

I år kan Havforskingsinstituttet og Norad feira at det er 45 år sidan den første samarbeidsavtalen blei signert. Kunnskapsbasert bistandsarbeid blir eit viktig satsingsområde også framover – og her står forskingsskipet Dr. Fridtjof Nansen heilt sentralt.  

– Fiskeri og forvaltning av fiskeriressursar er veldig viktig for Norge. På dette området har vi mykje kunnskap og erfaring som vi kan dela med utviklingsland. Det er bakgrunnen for det langvarige samarbeidet vi har med Havforskingsinstituttet, seier Norad-direktør Jon Lomøy.

Kartlegging og kompetansebygging

Jon Lomøy møtte havforskingsdirektør Sissel Rogne i Bergen i dag. Dei to kan konstatera at det er eit tett og nært samarbeid mellom dei to institusjonane. Nansen-programmet, som etter kvart har hatt tre forskingsskip i si teneste (alle under namnet Dr. Fridtjof Nansen), har vore eit viktig rammeverk for samarbeidet. Her bidrar HI konkret med kompetanse- og kapasitetsbygging (kartleggingstokt, studentutveksling, kurs og opplæring) for land med marine ressursar.   

Unikt bistandsarbeid

Det er Norad og Utanriksdepartementet som finansierer Dr. Fridtjof Nansen, medan Havforskingsinstituttet og CDCF (sjå faktaboks) står for det forskingsfaglege innhaldet. Den «norske modellen» med kostnadsfri tilgang til forskingsskip er unik i verdssamanheng, og Nansen-programmet har skåra høgt i ulike evalueringar.