Slik tek HI samfunnsansvar

HI-037983.jpg

Instrumentboksane Grønneviken leverer, blir brukt til å måle fisk om bord på forskingsfartøya våre - slik som G.O. Sars, her til kai i Bergen. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI

Vi inngår rammeavtalar med vekstbedrifter og kjøper gjerne brukte møblar. Instituttet jobbar for å ta samfunnsansvar og bidra til eit inkluderande arbeidsliv. 

Havforskingsinstituttet er ei statleg verksemd, og pålagt å følgje anskaffingslova ved kjøp av varer og tenester.

Dette inkluderer også å ta samfunnsansvar som miljøomsyn og inkludere utsette grupper i arbeidslivet. 

Dette er eit ansvar HI gjerne tek. 

Vekstbedrift produserer instrumentboksar 

Vekstbedrifter har som føremål å gje menneske med ulike behov arbeid. 

Erfaringa vår med vekstbedrifter er at vi får gode produkt til konkurransedyktige prisar – og det er i tillegg positivt at menneske med reduserte moglegheiter i arbeidslivet elles får arbeidstrening og meistringskjensle.

For å bidra til eit inkluderande arbeidsliv kan vi for nokre typar varer og tenester ha eigne konkurransar der berre denne type bedrifter har høve til å delta.  

Den ferskaste rammeavtalen til HI er nettopp med ei vekstbedrift, Grønneviken AS. 

Bedrifta har om lag 190 tilsette, og skal levere instrumentboksar til oss. Boksane blir brukt til å måle fisk om bord på forskingsfartøya våre. 

HI er eit miljøfyrtårn 

Instituttet er sertifisert som miljøfyrtårn. Det er Noregs mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere miljøinnsats og vise samfunnsansvar.

Gjennom Miljøfyrtårn jobbar HI målretta med å forbetra sine miljøprestasjonar innanfor områder som innkjøp, avfall og energiforbruk. 

Miljøfyrtårn er den første nasjonale ordninga i Europa som er blitt anerkjent av EU. 

Brukte møblar – like bra som nytt 

HI er opptatt av berekraft, og satsar difor på gjenbruk så langt det let seg gjere. 

Frå og med hausten 2017 har instituttet stort sett kjøpt brukte kontormøblar frå Møbelmeglerne AS og ABC gjenbruk AS. 

Alle møblane i det nye kontorbygget Strandgaten 196 i Bergen vart kjøpt brukt. 

HI kjøper berre nytt dersom ein ikkje klarar å kjøpe brukt – men det er svært sjeldan. 

Det siste året har HI kjøpt brukte møblar for 1.53 millionar kroner, inkludert alle møblane til Strandgaten 196. 

Les også: Går for pent brukt