Har du fått ungmakrell i det siste?

VildeLabErlend.jpg

Pir under lupa: Vilde Regine Bjørdal skal undersøke kva ungmakrellen har på menyen - og treng hjelp til å finne ut kor fisken held seg når HI ikkje er på tokt. Foto: Erlend A. Lorentzen

Makrellen sym stadig lengre nordover. No vil forskarane kartlegge kor piren finst – og dei treng di hjelp. 

For første gong skal havforskarane kartlegge dietten til ungmakrellen, piren, langs norskekysten.

Vilde Regine Bjørdal skal undersøka mageinnhaldet i fisk som vart fangsta i juni og juli 2018, frå to ulike HI-tokt. 

Ho er mastergradstudent og skriv oppgåve på Universitetet i Bergen og HI. 

Kva står på menyen til piren? 

Dei store spørsmåla er om, kva og kor mykje ungmakrellen et når dei sym og oppheld seg langs kysten, kva er livretten i ulike områder, og er den ein konkurrent i matfatet for andre artar? 

 – Når vi finn ut meir av dette, kan vi vidare diskutere kva konsekvensar det kan få, når vi veit at makrellen går lengre nordover enn tidlegare, seier Bjørdal. 

Men i dag har vi ikkje ei komplett oversikt over nøyaktig kor langt nord piren har komme – og kor han oppheld seg når. 

Kva har makrellen i magen? Inne på laben står "mageposane" klare. Innhaldet i makrell-magane skal analyserast, og piren sin diett kartleggast. (Foto: Vilde Regine Bjørdal / HI)

Ber folk melde inn sine observasjonar 

Havforskarane ber difor både profesjonelle og hobbyfiskarar langs heile kysten melde i frå om observasjonar som vert gjort. 

Observasjonane kan ein rapportere inn på eit eige skjema som går direkte til forskarane.

Kvart år reiser HI ut på ei rekke tokt for å kartlegge utbreiing, storleik og aldersfordeling på ei rekke fiskebestandar, deriblant makrell. 

Men forskingsfartøya kan ikkje få med seg alt overalt. Pir er ikkje alltid ei målsetnad for HI å fange opp på tokt, dei minste individa kan smette unna frå trålen på grunn av maskevidda. 

Difor ønsker Bjørdal og havforskarane hjelp frå alle som er på sjøen og får ungmakrell. 

Ekstra spennande med meldingar frå nord 

– Vi treng hjelp for å fylle ut det store bilete, seier Bjørdal. – Vi treng hjelp for å sjå kor ungmakrellen er i tidsromma der HI ikkje er på tokt. 

– Det er ekstra interessant med observasjonar gjort nord for Vestlandet der pir er meir uvanleg, fortel ho. 

– Men vi blir takksame for alle som svarar oss!